SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 26 skann 28

26 3 4 Ein bør ta med minst mogeleg av namn og andre einskildting som gjer forteljinga vanskeleg både å læra og hugsa. Dei personane ein får høyra om i forteljingane, bør borna læra å kjenna fyrst og fremst gjennom det dei seier °g gJ er - Ein må leggja seg om å fortelja såleis at det høver best råd er for born. Målet og forteljemåten må mest mogeleg samsvara med innhaldet i stykket. Direkte tale verkar gjerne sterkare og meir levande enn berre å skildra kva personane tenkjer. I fyrstinga vél ein einfelte forteljingar frå kvardagslivet forutan lettare bibelhistoriske forteljingar. Frå og med 4. skuleåret får elevane lærebok. Sume av bibelsogestykka gjev ein ikkje til vanlege lekser, men går igjennom dei på ymse vis på skulen: Læraren fortel eller skildrar fritt og greier ut hovudpunkta i stykket, han eller elevane les stykket høgt, læraren samtalar med borna om det, elevane les det stilt og fortel sidan att hovudinnhaldet munnleg eller skriftleg (i arbeidsboka). Overskriftene på desse stykka er sette med vanlege typar, derimot er overskriftene på stykka ein kan gjeva til lekser som heimearbeid, sette med kursiv. 1 I 4. skuleåret tek ein til å gjennomgå dei bibelhistoriske forteljingane som ein etter planen skal ta med, så langt råd er i den rekkjefylgja dei har i læreboka. (Dei stykka ein før har gjennomgått, kan ein springa over, eller ein friskar dei opp i minnet hjå elevane, anten med spørsmål til elevane, eller med at læraren eller elevane stutt fortel opp att hovudinnhaldet av stykka.) På denne måten freistar ein så langt råd er å syna elevane korleis soga om israelittane og det religiøse livet deira lagar bakgrunnen for Jesus og hans verk. Til forteljingane kan læraren knyta stntt.fi og einfejje sajTtftglar. som er såleis at dei tener til å forklara og utdjupa emnet, med serleg tanke på det som kan få religiøst og etisk verd for borna. Turvande opplysningar og utgreiingar (geografiske, historiske, kulturelle osb.) bør vera klåre og greie. Ein gjev dei oftast anten når ein førebur stykket, eller når ein samtalar om det etter at det er lesi eller fortalt. Ein bør søk ja samband med kvardagslivet til borna og dei tilhøva som borna har kjennskap til. Lange utgreiingar bør ein alltid halda seg ifrå. Utgreiingane og samtalane bør aldri ta så lang tid at dei veikjer inntrykket av sjølve 1 Det same gjeld dg dei kyrkjehistoriske stykka som er førde opp i planen.
Skann 28 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 26». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/28/