SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 25 skann 27

25 anna er den levande kjenninga meir verd enn å prenta inn ei mengd med einskildting. 4. Til ordrett utanåtlæring får borna forutan katekismetekstene berre eit avgrensa tal med lettare bibelord, salmeog songvers. Dei bibelorda og versa som er tenkte til utanåtlæring, er sette med kursiv i planen. Læraren kan velja andre salmevers til utanåtlæring enn dei som er nemnde i planen for kvart skuleår, når han berre passar på å velja emne som høver og ikkje på nokon måte aukar arbeidsmengda for elevane. Elevane sjølve bør og få nokon fridom til slikt val. Båe målformer skal vera med i salmeutvalet. I dei 3 fyrste skuleåra bør ein stor part av utanåtlæringa gå for seg i timane. Salme- og songvers bør elevane helst læra og repetera med at klassa ofte syng dei. Forteljingar skal ein ikkje krevja attfortalde ordrett eller i ei fastsett form, men borna bør mest råd er fortel ja med eigne ord. Ved all opplæring i faget må ein ta omsyn til evna dei ymse borna har til å læra, såleis at dei som lite vinn, og får mindre å læra enn dei andre. 5. Læraren må gjeva elevane noko rettleiing om korleis dei helst bør gå fram når dei lærer ymse slag emne, og han må alltid passa på at elevane får fullnøyeleg tid til læringa. 1 6. Serleg i religionstimen er det viktig at klassa er i rette laget og tek imot med open hug. Klander for klen lekselæring og anna som kan setja elevane i ulag, skal ein vera endå meir varsam med i religionstimane enn i andre timar. 7. Dersom læraren finn det meir tenleg, kan han gjennomgå bolkane i lære-emna i kvar klasse i ei anna rekkjefylgje enn dei har i planen. B. Bibelsoga. 1. Bibelsoga — og då fyrst og fremst Det nye testamentet — må vera det sentrale i opplæringa. I dei 3 fyrste skuleåra er opplæringa berre munnleg. Læraren fortel då for borna, og dei får lov å fortelja opp att det dei greier. 2. Læraren bør fortelja såleis at forteljinga vekkjer interesse hjå borna og gjer emnet levande for dei. Serleg på dei lågare aldersstega bør ein anten ikkje ta med, eller ein kan skyva til sides, minder viktige ting, så det som er hovudsaka i forteljinga, kjem klårare fram. 1 Dette gjeld bg andre læreemne.
Skann 27 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 25». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/27/