SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 24 skann 26

11. Kristendomskunnskap. I. Mål. Opplæringa i kristendomskunnskap skal hjelpa til å gjeva borna kristeleg og moralsk oppseding (§ 1 i lova). Målet for kunnskapen er sikker kjennskap til 1. hovudinnhaldet i bibelsoga, 2. dei viktigaste hendingane i kyrkjesoga, 3. den kristne barnelærdomen etter den evangelisk-lutherske truvedkjenning (§ 9c i lova). fl. Rettleiing. A. Ålmenne merknader 1. Læraren må alltid koma i hug at det borna lærer i kristendomskunnskap, skal vera grunnlag for trua og rettleiing for livet deira. I opplæringa bør ein halda i hop dei ymse delane av faget, såleis at elevane får eit heilt og levande bilete av Jesus, hans liv og gjerning. ( *«•***/*- / siste aret 2. Læraren må vera merksam på at dei ulike heimane som elevane kjem frå, har ulikt syrt. i dei spørsmåla som ein har føre seg i kristendomsopplæringa. Han må difor omhugsamt akta seg for alt som kan verka som sårande åtak på andre si meining, og læra elevane at ein må syna tolsemd mot menneske som tenkjer annleis enn ein sjølv. Serleg viktig er det at ein driv opplæringa i kristendomskunnskap såleis at ho — utan å missa noko i alvor og fastleik — ikkje kjem i strid med krava i vår tid om at kvar einskildmann må f å tenkja fritt. 3. Ein må akta seg for å handsama emnet såleis at lærehugen til elevane dovnar av, og at den religiøse og etiske verknaden veiknar. I dette faget meir enn i kanskje noko
Skann 26 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 24». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/26/