SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 266 skann 268

266 1. Skulestyret styrer folkeskulane, framhaldsskulane, yrkesskulane og dei høgare skulane i heradet etter gjeldande lovføresegner og dei vedtaka som heradsstyret har gjort i samhøve med føresegnene. Det har dessutan tilsyn med opplæringa for dei borna som ikkje er elevar i folkeskulen. 2. Formann og nestformann vert valde for eitt år. Valet vert ikkje ugildt om vedkomande er vald med eiga røyst. Den som har vori formann 3 år i rad, kan seia frå seg attval til formann i likså lang tid. Sluttar formannen med å gjera teneste før året er ute, vél ein ikkje ny formann, men nestformannen gjer teneste resten av året. Skulestyret vél då ny nestformann. 3. Før heradsstyret kan ha føre søknad om fritaking for arbeidet som heradsvald medlem av skulestyret, må det krevja tilråding frå skulestyret. 4. Skulestyret syter for at den lovbodne bamelista vert sett opp (§ 53). 5. Det syter for at lærar og tilsynsnemnd i samråd utarbeider rute for skulehaldet i året før kvart skuleår tek til. 6. Skulestyret syter for at kvar skule har dei læremidla som trengst, og at dei stendig vert haldne ved lag og utfylte. 7. Det vedtek framlegg til budsjett. 8. Det tilset lærarar. 9. Det syter for at det vert valt eit samstyre for skuleboksamlingane i heradet. 10. Det styrer og elles folkeskulane i heradet etter lova. I god tid skal skulestyret senda inn til fylkesskulestyret søknad om dei tilskota som fyikeskassa skal gjeva etter § 39. Til skuledirektøren skal skulestyret senda inn: 1. Utskrift av møteboka seinast 14 dagar etter kvart møte. 2. Meldingar om folkeskulen, framhaldsskular, kveldskular, privatskular osb. 3. Avskrift av skuleruta for året. 4. a) Framlegg til brigde i krinsinndeling (§ 3, 5). b) — » — skysskipnad (§ 3, 4). Søknad om å rekna rikstilskotet av større vederlag enn av minstemålet (f. t. 40 øre pr. innlosjeringsdøger eller skyssdag) må ein stila til departementet. 1 Sjå ellea skulelova. 21. Minneliste for skulestyret. 1
Skann 268 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 266». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/268/