SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 267 skann 269

267 5. Framlegg til klassedeling for komande skuleår. Skuledirektøren sender framlegget til departementet (§ 4, 6). 6. Søknad om mellombels å auka elevtalet i ein eller fleire klasser § 4, 2 og 3). 7. Søknad om brigde i å byta opplæringstida mellom dei ymse klassene (§ 5, 5). 8. Søknad om å få godkjent reglane om kva det er for nokre born som skal vera med i opplæringa i eit framandt mål, og om korleis ein i tilfelle skal skipa opplæringa for dei borna som ikkje er med i denne opplæringa (§ 6, 2). 9. Plan til nybygging for folkeskulen til godkjenning (§ 10, 2). 10. Føresegner om føregjerder mot tuberkulose (§ 10, 3) 11. Søknad om å utset ja skuleplikta (§ 12, 6). 12. Å fastsetja tenesttid (§ 22, 3). 13. Framlegg til lønsvedtekt (§ 22, 5). 14. Søknad om riks- og alderstillegg i permisjonstid o. m. (§ 22, 4). 15. Vedtak om fast tilsetjing (§ 27, 2). 16. Lærartilsetjing. Skjema over søknad må fylgja med (§2B). 17. Melding om mellombels tilsetjing (§ 28, 4). 18. Melding om lærarar som er oppsagde eller gjevne avskil (§ 32). 19. Melding om kombinerte møte (§ 35, 2). 20. a) Oppgåve over riks- og alderstillegg for lærarane — kvartalsvis b) Oppgåve over opptent lærarløn — kvartalsvis. c) Oppgåve over utgiftene med å los j era inn og skyssa, når skuleåret er ute. d) Oppgåve over utgiftene til fritt skulemateriell i året. e) Oppgåve over utgiftene til fri skuletannrøkt i året. f) Søknad om rikstilskot til born i barneheim (§ 8, 1) og til bom utan heimstadrett (§ 8, 2). g) Søknad oin auka rikstilskot (§ 36, 2), dei turvande statistiske oppgåvene vedlagde. 21. Melding om dauve, blinde og åndsveike bom etter skjema som ein får hjå skuledirektøren. 22. Framlegg til ny skuleplan eller brigde i planen (§ 47). 23. Årleg melding om skulestellet. 24. Melding om å føra inn lærebøker (§ 65, 2). 25. Melding om opplæringsmålet (§ 66, 3 og 4, ABC og lese- bøker). 26. Melding til Statens Pensjonskasse når ein lærar tek over ny post, tek avskil eller døyr. Sameleis melding om kvart brigde i lønsregulativet. 27. Søknad om rett til nye arbeidsmåtar m. m. (§ 9, c).
Skann 269 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 267». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/269/