SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 265 skann 267

265 leis skal nemnda gjeva fråsegn når det vert spørsmål om å få bort ein lærar frå stillinga (§ 32). 13. Kjenner læraren seg hindra av foreldra til borna, føresette eller andre i å gjera sine lærarplikter, og han av den grunn vender seg til nemnda, då skal ho freista få gjort saka av med det gode, så framt det er råd. 14. Meldingar og føreteljingar som læraren gjennom nemnda sender til skulestyret, skal nemnda senda fram med dei merknader som ho finn grunn til å gjera. 15. Formannen i nemnda skal kalla saman og styra krinsmøta på den måten som skulestyret fastset (§ 51). I innkallinga skal han nemna saklista. Desse møta skal serleg a) seia si meining om krinsinndelinga (§3), b) gjeva fråsegn om framlegg til å auka den lovsette skule- tida (§ 5), c) velja medlemer av tilsynsnemnda (§ 50), d) gjeva fråsegn om målforma for dei skriftlege arbeida og om å velja ABC og lesebok (§ 66). 16. Drøftingane i nemnda og vedtaka på krinsmøta skal ein føra inn i ei møtebok som skulestyreformannen har god- kjent. Til lovleg vedtak krevst det at formannen og minst to av dei valde medlemene er med på møtet. Når røystene står likt, gjer formannsrøysta utslaget. 17. Etter som medlemene vert samde om det, kan tilsynsnemnda skifta mellom seg dei arbeida som er nemnde i føresegnene framanfor, så nær som dei gjeremåla lova serskilt legg på formannen eller heile nemnda. Råder nemnda over noko av midelen til skulekassa eller krinsen, så skal ho årleg leggja fram rekneskap for dette. Ein skal fastsetja instruks for vaktmeisteren eller den som skal gjera vaktmeisterarbeidet ved skulen — slik som det høver for dei ymse stadene. Ein viser til reinhaldsføresegnene som gjeld til kvar tid, og som alltid skal vera oppslegne på skulen. 19. Instruks for vaktmeister. 20. Reinhald.
Skann 267 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 265». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/267/