SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 264 skann 266

264 tala det snarast råd er. Sameleis må nemnda sjå etter at det vert retta på det ein har påtala. Tek ustellet seg opp att, skal ein melda saka til skulestyret. 6. Nemnda skal sjå etter at det til kvar tid finst nok av brennefang til å verma opp skulestova og lærarromet i skuletida. Like eins skal ho ha tilsyn med at skulestova er tidsnok og fullnøyeleg oppvermd og har nok ljos. Der ein leiger skmlerom, skal nemnda syta for at alt som kan hindra eller skipla skulearbeidet, er rudt ut or romet i den tida det vert nytta til skulestove, og at romet elles og svarar til dei krava som skulen set. Bed læraren om å få retta på noko i slike høve, må ein snarast råd er syta for at det vert gjort. 7. Nemnda skal i tilfelle syta for å flytta læremiddel frå ein skulestad til ein annan, så framt det trengst. 8. Etter nærare føresegn frå skulestyret skal nemnda setja opp den lista lova påbyd i § 53 over born som er i den alder at dei har rett til å gå på folkeskulen. For kvart barn skal ein gjeva opplysning om barnet får eller har fått opplæring, og om ho er eller har vori privat eller offentleg. Er det born i skulepliktig alder som ikkje får opplæring, skal ein gjeva opplysning om grunnen. 9. Så framt eit barn ikkje har lærebøker eller andre læremiddel som det er pålagt skuleelevane å skaffa, så skal nemnda etter oppmoding frå læraren hjelpa han med å råda bot på det som vantar. Serleg kan tilsynet i slike høve åtvara vedkomande foreldre eller forsytarar, og dersom tvaringa ikkje hjelper, skaffa det som vantar, for deira rekning. 10. Vert eit barn borte frå skulen utan lov, skal nemnda etter oppmoding frå læraren røk ja etter årsaka til fråværet. Har fråværet vori utan fullgod grunn, skal ho påleggja vedkomande foreldre eller føresette å senda barnet på skulen straks. Nemnda melder resultatet av etterrøknaden til læraren og i tilfelle til skulestyret. 11. Etter oppmoding frå læraren skal nemnda gjeva råd og hjelp når det gjeld å frita eit skulebarn for opplæring i einskilde fag, ocm det går tungt å fylgja med i dei alle av di barnet er tungnæant eller veikhelsa, eller når andre serlege omstende gjer såvoren fritaking ynskjeleg. Det same gjeld når det er spørsmål om å steng ja eit barn ute frå folkeskulen etter § 13, 1 a, b, c 12. Når ein skal tilsetja ny lærar, skal nemnda seia si meining om søkjarane. Denne fråsegna skal ein gjeva på møte i tilsynsnemnda (§ 50), derimot ikkje i krinsmøte. Same-
Skann 266 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 264». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/266/