SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 263 skann 265

263 Dersom det i året frametter vert turvande å brigda det, skal han venda seg til skulestyret om saka. 13. Han ser etter at dei oppgåvene som krevst frå skulen, kjem inn i rett tid. Naudsynlege meldingar og statistiske oppgåver skal han arbeida ut og ekspedera. 18. Instruks for tilsynsnemnd. 1. For kvar skulekrins skal det vern ei tilsynsnemnd. I denne nemnda er: a) Ein av dei valde medlemene i skulestyret. Han skal vera frå krinsen og er formann i nemnda. Han gjer teneste 1 år om gongen. b) Tre medlemer, valde i krmsmøte for 3 år. For desse tre vel krinsmøtet og varamann for 3-årsperioden. 2. I samarbeid med lærarane skal tilsynsnemnda freista vekkja sans og interesse for skulegjerninga innan krinsen og serleg arbeida for god skulesøkning (§ 50, 2). Ho skal vera til stades ved års- og avgangsprøvene. 3. Etter nærare føresegn frå skulestyret skal nemnda ha det næraste tilsynet med eigedomane til skulen og gjeva skulestyret melding om tilstandet desse eigedomane er i. Mindre vøling på hus og innbu som høyrer til skulen, syter nemnda for å få gjort på skulekassa si rekning etter nærare vedtak av skulestyret. Like eins skal nemnda saman med læraren ha tilsyn med innbuet og læremidla i skulen. Vantar det noko som nemnda ikkje kan råda bot på sjølv, seier ho frå til skulestyret. Elles skal nemnda gjeva skulestyret dei fråsegnene og opplysningane som skulestyret krev, eller som nemnda sjølv finn grunn til å koma med. Medlemene av nemnda har ingen rett til å blanda seg i undervisninga eller til å bera seg som føresette for lærarpersonalet eller andre tenestemenn ved skulen. Har medlemene noko å klaga over, må dei i tilfelle venda seg til styraren eller — der det ingen styrar er — til skulestyret. 4. Før skuleåret byrjar, skal nemnda saman med læraren førebu framlegg til skulerute for krinsen med oppgåve over når og kvar helst skulen skal verta halden. Like eins skal ho i tilfelle hjelpa skulestyret med å leiga skulerom. 5. Nemnda eller — om ein held det formålstenleg — ein person som er serskild vald til det, har tilsyn med at dei føresegner som til kvar tid gjeld for reinhaldet i skulen, vert nøye fylgde. Vantar det noko på eller er ugreie med å få gjennomført føresegnene for reinhaldet i skulen, må ein på-
Skann 265 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 263». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/265/