SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 261 skann 263

261 2. Han skal syta for at alle meldingar og fråsegner som krevst, vert gjevne rett og grannsamt og til rett tid. 3. Saman med dei andre lærarane skal han arbeida ut og senda skulestyret framlegg til: fagbyte mellom lærarane ved skulen, framlegg til timetabellar og inspeksjonstabell, og framlegg til dei brigda og ombøtene i opplæringa eller skuleskipnaden som ein til kvar tid finn turvande. 4. Saman med dei andre lærarane og tilsynet skal han sjå etter at alle skulepliktige born går på skulen. 5. Han skal ta imot inn- og utmelding av elevar, byta nye ele- var mellom klassene og 6. skriva ut avgangsvitnemål og attestar som vert kravde. 7. Etter oppgåve frå lærarane på skulen skal han gjeva skulestyret melding om kor mykje fritt skulemateriell det er att når skulen sluttar føre sumar ferien, og kor mykje det har vorti bruka i skuleåret. Samstundes skal han — etter sam- råd med lærarane — gjeva opp kva han meiner trengst for komande skuleår. Han skal ta imot og byta materiellet mellom klassene, og føra den rekneskapen som trengst. 8. Han skal ha tilsyn med bygningar, gjerde, innbu, læremiddel osb. som høyrer skulen til, og sjå etter at alt er i forsvarleg stand. Mindre vølingar kan han saman med tilsynet få gjort på skulekassa si rekning. Trengst det større vølingar, melder han dette til skulestyret — gjennom krinsf årman- nen — med framlegg om kva han meiner ein bør gjera. Han skal sjå etter at alle klasseroma har turvande innbu, at skulen har nok av læremiddel, og at dei vert medfarne på forsvarleg måte. Ein gong om året skal han senda skulestyret oppgåve over avgang, tilgang og forråd av læremiddel og framlegg til å kjøpa nytt. 9. Han skal ha tilsyn med opplæringa, styra møte som lærerpersonalet held til samråding om arbeidet, og i det heile freista fremja planfast arbeid i skulen. 1. På skulestyret sine vegner styrer skuleinspektøren arbeidet i folkeskulen. 2. Skuleinspektøren ser etter at dei føresegner som gjeld for folkeskulen, vert haldne. Han har tilsyn med opplæring, orden, disiplin og økonomi. Han freistar retta manglar og mistak og prøver å få bort alt som hindrar skulen frå å nå føremålet sitt. I samarbeid med lærarane og tilsynsnemndene skal han arbeida 17. Instruks for skuleinspektør.
Skann 263 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 261». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/263/