SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 260 skann 262

260 5. Læraren må framfor alt sjå såleis til med alle borna at ingen av dei med grunn kan kjenna seg tilsidesette eller urettvist medfarne. Å vitja heimane av og til vil vera tenleg. 6. Læraren har plikt til: a) å føra protokollane for klassene sine med orden og grannsemd, b) å ta imot og dela ut fritt skulemateriell til elevane sine og føra kontroll med det, c) å ha tilsyn med innbu og læremiddel og føra liste over dei, d) å gjeva dei opplysningar og meldingar om klassene sine som styremaktene for skulen krev, e) å ta over opplæringa i dei klassene og faga som skulestyret fastset, f) å vera klasseforstandar for ei eller fleire klasser, g) å ta over seropplæring i den skulen som er nemnd i § 7 og i § 56 og i annan skule til ålmenn opplæring, men bene innanfor det veketalet læraren er tilsett med, h) å vera med når det er prøve for born som får opplæring utanom folkeskulen, i) å hjelpa til ved avgangsprøva, j) å styra boksamlinga på skulen. 7. Er det noko som vantar eller er ulemper med ved skulestova, innbuet, læremidla, det frie skulemateriellet, reinhaldet osb. som læraren ikkje sjølv lettvint kan retta på, og som tilsynsnemnda ikkje syter for å retta på, så skal læraren melda dette til skulestyret, og — så framt skulestyret heller ikkje gjer det som trengst — - til skuledirektøren. 8. Dersom læraren i si gjerning har noko å klaga på, søkjer han hjelp hjå tilsynsnemnda, skulestyret eller og — om det trengst — hjå skuledirektøren. Ein lærar som samtidig er sett til styrar for skulen, har å retta seg etter dei føresegner som gjeld for læraren (sjå instruksen for læraren). Som styrar har han dette arbeidet: 1. Han skal ta imot og svara på alle skriv til og om skulen og bok føra skriva. Han skal og vera med i dei møta som tilsynsnemnda held, og føra møteboka. Boka bør høyra skulen til og liggja der. 16. Instruks for styraren.
Skann 262 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 260». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/262/