SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 259 skann 261

259 14. Ordensreglar for elevane. I staden for dei vanlege ordensreglane om forbod og påbod kan det verka vel så godt å forma «reglane» som ei «oppmoding» til elevane, t. d. med denne forma: Til elevane. I bygda vår er det mange elevar og mange lærarar og lærarinner som arbeider i lag med borna. Målet er at kvar einaste gut og kvar einaste gjente skal verta sterkare, snillare og duglegare for kvar dag som går. Det vil du og gjerne hjelpa til med, vil du ikkje det? Lat osis koma i hug at vi vert sterkare når vi legg osis tidleg om kvelden så vi får god nattesvevn, er mykje ute i frisk luft, et helsesam mat (ikkje søtvarer!) og tygg godt, er reinslege med kroppen (vaskar oss ofte, pussar tennene og kostar hånet), reinsame med kleda, skulesakene våre og roma vi bur i. Vi vert snillare når vi alltid gjerne og med glede hjelper andre så ofte vi kan, — heime, på skulen eller kvar det så er. Med all vår makt vil vi prøva å vera gode og hjelpsame! Vi vert duglegare når vi freistar fylgja med og gjera arbeida våre så godt vi kan, tek oss på tak, aldri gjev oss om noko er vanskeleg, men prøver opp att og opp att. Vi skal greia det til slutt. Klassa vår skal vera den greiaste og hyggelegaste klassa på skulen ! Og skulen vår skal vera den beste, den reinaste, den finaste i heile bygda! Vi vil aldri gjera skam på skulen vår kvar vi så ferdast. 15. Instruks for læraren. 1. I arbeidet sitt skal læraren ta sikte på å oppseda borna i samsvar med dei krava som er sette i lova og i planane. 2. Han må setja seg godt inn i dei føresegner som gjeld for yrket hans, og han må fylgja planane og instruksane som er vedtekne for skulen. Når skuleåret sluttar, skal læraren telja saman forsømde dagar, rekna ut forsømingsprosenten for klassa, føra inn kva dato årsprøva var og skulen slutta, og så skriva under protokollen. 3. Han skal gjera det han kan til at borna får høvelege arbeidsplassar, og han skal så godt råd er sjå etter at dei ikkje sit såleis at det er skadeleg for helsa. 4. Han skal gjera det han kan for at borna skal fara fint åt både i og utanfor skulen.
Skann 261 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 259». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/261/