SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 258 skann 260

258 2. For elevar som er nemnde under 1 a, bør skulestyret skipa seropplæring, anten for born einskildvis eller i serklasser. Born som heller ikkje er skikka for slik opplæring, melder ein til skule for åndsveike. 12. Å stansa skulen. 1. Om å stansa skulen, t. d. ved farsotter, må læraren samråda seg med krinsf or mannen og om det let seg gjera, med formannen i skulestyret. I alle høve må edn senda melding til skulestyret. 2. Er læraren nøydd til å minka på skuletida nokre dagar eller timar for offentleg arbeid, kyrkjesongararbeid e. 1. skuld, må han alltid føra dette inn i dagboka. Det han forsømer, må læraren freista ta att, og når han gjer det, må han føra dette inn i dagboka og. 13. Bokføring. Læraren skal føra desse bøkene: 1. Barneliste over dei born som skal bli opptekne i skulen. Kvart år skal skulestyret få utarbeidt denne lista i god tid før skuleåret tek til (§ 53). Møter ikkje alle skulepliktige fram når skulen byrjar, skal ein melda dette til skule- styret. 2. Dagbok. Her skriv læraren borna inn klassevis: Namn, fødselsdato, når oppteken i skulen og skulesøkninga til borna. Kvar morgon ser læraren etter om alle elevane i klassa har møtt fram. At dei er til stades, merkjer han av med eit strek. Br nokon fråverande for sjukdom skuld, set han s, annan fullgod grunn (sjå 7, 2) merkjer han med g, utan fullgod grunn med u. 3. Karakterprotokoll. 4. Avgangs protokoll. Her vert avgangsvitnemålet til elevane ført inn. Læraren og skulestyraren underskriv protokollen. Dor det ingen skulestyrar er, skriv ein medlem av eksamensnemnda under jamsides med læraren. 5. Bok over innbuet (inventarbok) med liste over dei læremidla skulen har. 6. Kontroll- og rekneskapsbok over fritt skulemateriell, — etter nærare føresegn frå skulestyret. 7. For skuleboksamlinga: Liste over bøkene med oppgåve over avgang og tilgang til kvar tid, utlånsliste og rekneskapsbok. — Heradsstyret fastset vederlaget til den læraren som har arbeidet med skuleboksamlinga. Bøkene skal alltid vera til stades i skulen og verta framlagde når dei føresette for skulen ynskjer det.
Skann 260 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 258». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/260/