SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 257 skann 259

257 og læraren bør i tilfelle drøfta spørsmålet med skulelæk jaren så fraimt skulelækjar er tilsett. I sume høve kan det og verta spørsmål ara å flytta barnet til ein annan skule, cm ein har grunn til å tru at såvoren utveg skulle kunna vera formålstenleg. Fører ingen hjelperåder fram, så kan det bli spørsmål om å visa barnet bort frå skulen (§ 13, 1 c). Kroppsleg refsing må ein ikkje bruka i skulen 9. Flytting. Flytter eit barn til ein annan skulekrins, må ein senda melding om det til vedkomande skule. Flytter det til ein annan skulekommune, må ein senda melding om det til skulestyret i den kommunen barnet har flytt til, og dette sender så melding så framt barnet ikkje møter innan rimeleg tid. 1. Skulestyret kan stengja eit barn ute frå folkeskulen når det a) er åndeleg eller kroppsleg uført til å fylgja med i opplæringa, b) lid av smittsam sjukdom eller anna kroppsleg vondt som det er grunn til å tru vil vera til fare eller mein for dei andre skuleborna, eller c) fer så ulikleg åt at det kan verka skadeleg på dei andre borna. 2. Eit barn som er vanført, har rett til å gå på skulen når ndsevnene er gode nok, og når kroppslytet ikkje er til hinders for opplæringa eller krev serskilt stell på sjukehus eller i vanføreheim. Om dette er så, avgjer skulestyret etter at ordføraren i helserådet har hatt høve til å seia si meining. Treng eit slikt barn hjelp til å koma åt og frå skulen, eller kan det ikkje bu heime i skuletida, så har forsytaren krav på tilskot såleis som i dei høva som § 3, 4. punktet nemner. Trengst det, vert det å bruka reglane i § 57. 3. Tykkjer læraren at ein må bruka § 13, 1 på nokon av elevane hans, skal han senda framlegg om det til skulestyret. 11. Seropplæring og fritaking for opplæring i einskilde fag. 1. Meiner læx*aren at einkvan av elevane hans: a) ikkje har formålssvarande gagn av å vera med i den vanlege skulen, eller b) bør bli friteken for opplæring i einskilde fag, så har han å senda melding om dette til skulestyret. 17 — Normalplan for landsfolkeskulen. 10. Å stengja born ute frå skulen (§ 13).
Skann 259 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 257». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/259/