SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 256 skann 258

256 3. Skulestyret og heradsstyret kan med godkjenning frå overtilsynet gjera vedtak om å setja ned den daglege skuletida frå 5 til 4 timar for fyrste årskullet. I. Elevane i folkeskulen må ikkje vera borte frå skulen minder dei er hindra av sjukdom eller anna forfall som vert teki for lovleg, eller har fått lov frå skulen (§ 15, 1). Born som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor statskyrkja, har rett til å vera borte frå skulen dei dagane samfunnet deira held helg, når foreldra syter for at borna kan fylgja med i opplæringa likevel. 2. Til fullgod grunn reknar ein: a) at elevane er sjuke, b) dødsfall i næraste familien til eleven, c) uver, ishindrinig eller andre årsaker som borna eller heimen ikkje rår med, d) at barnet er forbodi å gå på skulen for smittsam sjuk- dom sikuld i heimen, e) konfirmasjonsførebuing når ho går for seg i skuletida, f) at barnet har fått lov av læraren til å vera borte. Slikt løyve kan læraren gjeva for ein einskild dag, lærar og krinsformann for opptil 3 dagar. Gjeld det lengre tid enn 3 dagar, så må ein leggja saka fram for skulestyreformannen til avgjerd. Ulovleg fråvære er kvart eit fråvære som ikkje her er serskilt nemnt, såleis det 6g at barnet forsømer skulen av di det skal vera til hjelp heime. 3. Gjev foreldra eller andre føresette ikkje fullgode grunnar for at eit barn vert borte frå den lovsette opplæringa, så skal saka straks verta meld til skulestyret som kan leggja vedkomande i bot (§ 16). 4. Ingen arbeidsgjevar må ha eit barn i arbeid såleis at det vert hindra i skulearbeidet sitt (§§ 17 og 18). 5. Dersom vedkomande forsytar sit så trongt i det eller steller seg på ein slik måte at det hindrar barnet hans i å søk ja og nytta ut skulen skikkeleg, skal ein melda dette til skulestyret (§§ 19, 57 og 58). 8. Vanskelege born. Born som ikkje fer skikkeleg åt, må læraren serleg freista læra kjenna gjennom opplysningar om heimane til borna og om tilhøva i det heile, for — om det er gjerande — å f inna fram til årsaka. Til å retta på åtferda må ein prøva samarbeid med heimane, 7. Fråvære frå skulen.
Skann 258 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 256». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/258/