SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 255 skann 257

255 3. Utskriving. 1. Når skuleåret sluttar, skriv ein ut: a) Elevar som har gått igjennom øvste klassa eller øvste deilda og har vori med i avgangsprøva. b) Elevar som fyller 15 år i kalenderåret endå om dei ikkje stettar det vilkåret som er sett under a). 2. I serhøve kan skulestyret lata eit barn verta utskrivi når det har fylt 14 år, så framt det har gått 7 år på skule. Dette gjeld berre born som ikkje greier å koma igjennom skulen på normal tid. 3. Dei borna som ein skriv ut or skulen, får avgangsvitnemål etter mønsteret som finst i bolken C. 4. Slutnad på skuleåret. Opplæringa i skuleåret endar med festleg samvære, og elevane som vert utskrivne or skulen, får avgangsvitnemåla sine. Dessutan kan boraa syngja, lesa opp osb. Ein steller ut elevarbeida (sjå bolken C). Medlemene i tilsynsnemnda og representantar for eksamensnemnda og skulestyret bør vera til stades, og foreldra vert innbodne. 5. Skuleruter. 1. Før skuleåret tek til, skal lærar og tilsynsnemnd kvar for sin krins arbeida ut framlegg til skulerute. Framlegget må til skulestyret til godkjenning. Ein sender avskrift av skulexuta til overtilsynet. 2. Skulestyret kan fastsetja at ei vedteken skulerute skal gjelda for fleire år. 3. Ein kan gjera mindre avvik i skuleruta etter samråd med krinsforcnannen. Gjeld det større avvik, t. d. lengre stans med skulen, må ein leggja saka fram for formannen for skulestyret. Skulestyreformannen har å leggja saka fram for skulestyret att dersom avviket er så stort at han finn denne framgangsonåten påkravd. 6. Opplæringstida o. m. 1. Skulen byrjar og sluttar kvar dag med bøn og salmesong eller med bøn eller salmesong. 2. Kvar opplæringstime er på 45 minutt. Mellom 3. og 4. timen skal det vera ei fristund på 20 — 30 minutt, mellom dei andre timane 10 minutt.
Skann 257 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 255». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/257/