SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 254 skann 256

1 2 1 2 D. Instruksar. 1. Opptaking. Til vanleg vert nye elevar opptekne berre ein gong om året — med same skuleåret tek til. Borna vert opptekne i det kalenderåret dei fyller 7 år. Skulestyret kan vedta at ein skal kunna ta opp born når dei har fylt 6 år før skuleåret byrjar. Då bør det vera lagt fram vitnemål frå lækjar om at barnet er så langt komi i både kroppsleg og åndeleg vokster at det er skikka til å verta oppteki. Til å få greie på korleis det er med den ndelege voksteren, kan ein mel. a. nytta evneprøver eller prøva barnet med å lata det gå i skule i 4 veker. Skal barnet kunna få utsetjing med å byrja i skulen til det har fylt 8 år, så må det anten ha sers lang skuleveg, eller ha sein åndsvokster eller vera veikhelsa. Når det gjeld helsa, kan skulen krevja dekterattest. Skulestyret kan gjera vedtak om at skuleplikta i heile sokna, eller i visse krinsar av ho, tek til og difor og sluttar opptil eit år seinare enn lova fastset at det vanleg skal vera. Eit slikt vedtak må om så er, inn i skuleplanen og treng godkjenning frå overtilsynet. Slike vedtak om skuleplikta har ikkje noko å seia for skuleretten åt barnet. Eit barn har såleis allstad rett til å byrja på skulen etter regelen under 1. Born som flytter inn frå andre krinsar eller kommunar, tek ein opp til andre tider 6g, i den klassa dei høyrer heime etter alder, skulegang før og kunnskapar. 2. Oppflytting. Oppflytting til høgare klasser går vanleg for seg når skuleåret sluttar. Ein kan ikkje ta cpp eller flytta eit barn opp i ei høgare klasse før det i det store og heile har nått målet for opplæringa i klassa nedanfor (§ 9 b) 1 . 1 d. e. § 9 b i skulelova.
Skann 256 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 254». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/256/