SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 250 skann 252

250 På eksamensarbeida set ein namnet til eleven, og det nummer som eleven har på lista. Eksamensnemnda dømer om eksamensarbeida. Før sensurarbeidet tek til, skal nemnda ha eit møte og drøfta framgangsmåten ved sensuren og korleis ein skal verdset ja arbeida. Nemnda fastset elles nærare skipnaden med prøva og sensuren, med di ho skal gjera sitt til at prøva vert så påliteleg som råd er, og at eksamensarbeida vert mest mogeleg eins verdsette. Minst 2 av lærarane i eksamensnemnda skal døma om kvart eksamensarbeid. 1 Lærar som er med i nemnda, må ikkje vera med og døma om sine eigne elevar. Vert ikkje sensorane samde om karakteren for eit arbeid, skal heile nemnda fastset ja karakteren. Nemnda granskar og serskilt dei tilfelle der det er sers store avvik mellom standpunkt- og prøvekarakteren. Er standpunktkarakteren og karakteren ved prøva ulike, så vert avgangskarakteren (den endelege karakteren) fastsett etter desse reglane: Er det i karakterstigen ein karakter som ligg midt imellom standpunktkarakteren og karakteren ved prøva, vert karakteren som ligg imellom, avgangskarakter: Standpunktkarakter Sg, karakter ved prøva G, avgangskarakter Mg, eller: standpunktkarakter Sg, karakter ved prøva Lg, avgangskarakter G. Er det i karakterstigen to karakterar som ligg mellom standpunktkarakteren og karakteren ved prøva, vert den meliomliggjande karakteren som ligg nærast karakteren ved prøva, avgangskarakter: Standpunktkarakter Sg, karakter ved prøva Nø, avgangskarakter G. Er det ingen karakter mellom standpunktkarakteren og karakteren ved prøva, vert karakteren for prøva avgangskarakter 2 Læraren (skulestyraren) skipar i lag med tilsynsnemnda turvande tilsyn ved prøvene. Det skal ikkje vera høve til noko slag fusk, og elevane skal få arbeida i fred. Det skal vera to til å føra tilsyn i ei klasse — minst ein lærar. Faglæraren skal lesa oppgåva i engelsk. b. Den munnlege prøva skal vera klasseprøve. Den munnlege prøva varer 1 dag. Elevane vert prøvde i 3 fag — ein times tid i kvart fag. 1 Sensorane får ikkje sjå standpunktkarakterane før i det fullendande møtet. 8 Dersom eit barn ved sjukdom e. 1. er hindra frå å vera med i avgangs- prøva i noko fag, skal ein gjera merknad om dette på avgangsvitnemålet og skriva på standpunktkarakteren-
Skann 252 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 250». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/252/