SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 249 skann 251

249 i klassa i slutten av skuleåret, og om så er, gjev han sjølv oppgåvene. Der det er parallellklasser, kan ein skipa sams prøver, og då kan skulestyraren gjeva oppgåvene. 11. Avgangsprøve. Skulestyret vel ei eksamensnemnd av lærarar — eller eit fleirtal av lærarar — på 3 eller fleire medlemer. Har bygda skuleinspektør, er han sjølvskriven medlem av nemnda og til vanleg formann for henne. For prøva i engelsk kan nemnda søk ja sakkunnig hjelp om det trengst. a. Den skriftlege prøva. Det skal vera prøve i norsk og i rekning for alle elevar, og i engelsk for dei som har dette faget. Oppgåvene skal ta sikte på å prøva elevane i det som er fastsett i planen i det heile,* og dei bør vera såleis at alle elevane så langt råd er, får høve til å syna kva dei kan greia. I norsk prøver ein kor dugande elevane er til å bruka målet skriftleg, med ei oppgåve i stil (2 eller fleire oppgåver som elevane kan velja mellom). I rekning bør ein gjeva eit større tal med oppgåver som så langt det er råd, er ordna etter vanskane^ Kvar elev skal få 1 eksemplar av oppgåvene når prøva tek til._ Om oppgåvene i engelsk sjå opplæringsplanen for dette faget. Ein brukar 1 skuledag til kvar prøve. Ikkje noka av prøvene må vara lenger enn 4 timar i samanheng, og elevane må ikkje nokon dag ha ei prøvetid som ihoplagt varer meir enn 5 timar. Eksamensnemnda gjev oppgåvene, men dei lærarar som har avgangselevar, skal ha høve til å senda inn framlegg til eksamensoppgåver. I god tid før avgangsprøva skal vera, skal læraren — for kvart av dei fag det skal vera prøve i — senda eksamensnemnda ei liste i 2 eksemplar. Listene skal ha desse rubrikkane : 1. Nummeret til eleven (1, 2, 3, . . .). 2. Namnet på elevane skipa alfabetisk, etternamnet fyrst. 3. Standpunktkarakter. 4. Karakter ved prøva. 5. Avgangskarakter. 6. Merknader. 1 Såleis ikkje berre i det som høyrer til minstekrava.
Skann 251 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 249». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/251/