SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 251 skann 253

251 I samband med den munnlege prøva skal ein leggja fram arbeida til elevane for siste skuleåret (norskbøker, reknebøker, engelskbøker, teiknearbeid, arbeidsbøker av ymse slag, handarbeid o. m.), så dei som ynskjer det, får høve til å sjå dei. Slutnaden gjer ein så festleg som råd er. Framsyningar i kroppsøving og song tek ein med når det høver. Eksamensnemnda skal føra bok både over det dei har føre i møta sine, og for karaktergjevinga. 111. Døme på oppgåver ved års* og avgangsprøver i kristen* domskunnskap og i orienteringsfaga 1 (munnlege klasseprøver). Ved års- og avgangsprøver skal ein gjeva elevane oppgåver i viktigare delar av det dei har arbeidt med i siste året. Oppgåvene skal vera i samsvar med det planen legg mest vekt på. 1) Elevene får syna om dei med leseboka i faget eller ei høveleg handbok til hjelp kan f inna svar på spørsmål som læraren gjev. 2) Dei får greia ut om eit emne dei har hatt til arbeids- oppgåve på skulen — når dei får stø seg til arbeidsboka, og dei sjølve får velja emnet. 3) Å fortelja om eit emne dei har fått oppgjevi dagen før, når dei — medan dei fortel — kan stø seg til nokre stutte notat dei har gjort. 4) Å fortelja det dei minnest om eit emne dei sjølve vel, utan å stø seg til arbeidsbok eller notat. 5) Elevane får syna om dei skjønar eit vanleg kart. 3 (Ein kan her gjeva ei rekkje med ymse slag oppgåver som viser om eleven skjønar målstokken, ymse slag kartteikn, dei elementære topografiske omgrepa osb.) 6) Å greia ut om ein plante som læraren eller eleven sjølv vel av dei eleven sjølv har samla og pressa. Eleven fortel kva han veit om planten — namn, finnestad osb. — sjå planen. 7) A skildra og fortelja om ein plante eller eit dyr når eleven har planten eller dyret framfor seg. 8) Å gjera ein freistnad i fysikk som læraren eller eleven tek ut av dei freistnadene som eleven har gjort, og greia ut om kva ein vil røkja etter, dei ting som trengst til freistnaden, framgangsmåten ved freistnaden, kva ein kan læra av han osb. (sjå planen) — a) når ein stør seg til arbeidsboka, b) utan å stø seg til arbeidsboka. 1 d. e. soge, geografi og naturfag. * Omfram veggkarta kan ein her nytta vanlege rektangelkart —og då helst eit klassesett så kvar elev får sitt eksemplar ved prøva.
Skann 253 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 251». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/253/