SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 248 skann 250

248 middagen. Dei dagane det skal vera møte, kan ein gjeva klassa heilt eller i nokon mon fri frå det vanlege skulearbeidet om føremiddagen, så borna får tid til å vera med og gjera alt ferdig til møtet. Føremålet med slike møte er å syna korleis arbeidet i eit eller anna fag vert drivi, i norsk, rekning, geografi eller eit anna fag. Borna får visa kva dei kan greia (med å løy sa oppgåver, fortelja, lesa osb.), og ein legg fram arbeida klassa har gjort. Etterpå samtalar læraren og foreldra om arbeidet, om åtferda til borna eller ymse andre spørsmål som melder seg. Større foreldremøte kan og vera ei god råd til å fremja samarbeidet mellom heimane og skulen og få dei til å forstå kvarandre. Når læraren meiner det er turvande eller ynskjeleg, sender han skriftleg melding til foreldra til underskrift, men slik melding skriv ein ikkje i karakter- eller meldingsbok. Står barnet sers mykje tilbake, så det kan verta tale om ikkje oppflytting, eller meiner læraren det er lita von om at eleven kan verta oppteken i vidaregåande skule, skal han snøggast råd er senda skriftleg melding om det til foreldra og seinast føre slutten av 3. kvartal. Gjeld det overflytting til serskule eller til hjelpeklasse, skal ein og senda melding om det til foreldra så snøgt som råd er. Ein kan og senda arbeida til elevane heim eit par gonger for året, så foreldra kan få høve til å sjå igjennom dei, eller ein kan senda arbeida heim etter kvart dei vert ferdige (t. d. norskbøker, reknebøker osb. etter kvart dei er utskrivne). I båe høva bør eit av foreldra skriva dato og namn på arbeida for kontrollen si skuld. Ved slutten av skuleåret skal det vera ei utstelling av alle arbeid som elevane har gjort i året så foreldre og andre får høve til å sjå dei. Denne utstellinga har ein til vanleg den dagen avgangsklassa har munnleg prøve. 11. Års- og avgangsprøver. I. Årsprøver. Skulestyret kan fastsetja at det skal vera munnlege klasseprøver i 2 eller 3 fag for 4. — 6. årskullet i slutten av skuleåret. I 3. årskullet der læraren ynskjer det, kan ein lata slutnaden få ein festleg svip, der borna får høve til å syna kva dei kan i song, lesing e. 1. Foreldra vert bodne å vera til stades. Læraren avgjer sjølv om han vil ha skriftlege prøver
Skann 250 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 248». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/250/