SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 247 skann 249

247 dei skulegreier han skal, om han handsamar det som høyrer skulen og andre til og sine eigne skulegreier fint, om han set tinga på plass (t. d. i lesestova, naturfagromet osb), om han kastar frå seg papir o. a. på tunet o. 1. 7. Atferd — grunnlaget for karaktergjeving a. Når ein gjev karakterar for åtferd, må ein ta omsyn til dei ymse sidene ved åtferda til barnet. Ein må mel. a. leggja vekt på korleis barnet fer åt mot dei andre elevane og lærarane i arbeid, leik og elles (såleis evne til samarbeid), og korleis det greier å måta seg etter tilhøva (tilmåtingsevne). 8. Karakterprotokollen gjer ein opp for orden og åtferd sameleis som for faga. Elles gjeld dei 3 fyrste bolkane i I, 6 dg for karakterane i orden og åtferd. 1 111. Sambandet med heimane. Det er mykje om å gjera at foreldra til kvar ei tid har best mogeleg kjennskap til korleis det går med skulearbeidet til borna, og korleis dei fer åt på skulen. Dette går jamnast best for seg med at læraren talar med foreldra til det einskilde barnet, og at læraren held eit par møte for året med foreldra til borna i klassa. Slike møte bør ein halda på ei tid av dagen då foreldra har best høve til å koma — det vil på jamnen seia om etter- 1 Til eit grann rettleiing når ein skal gjeva karakterar for orden og åtferd (avgangskarakterar) kan kanskje denne prosentvise bytinga gjelda (samanlikna I, 2 framanfor) Karakterar.- Orden : Gutar og gjenter Åtferd: Gutar og gjenter Til å få i stand normalbytinga av karakterane for faga har ein i nokon mon hatt rettleiing i prestasjonane til elevane ved ymse prøver — evneprøver, standpunktprøver o. a. Til å setja opp bytinga for orden og åtferd har ein ikkje hatt slik rettleiing, men i hovudsaka har ein bygt på ein etterrøknad av eit større tal med karakterar for orden og åtferd ved utgangen av 7. -klassa i byskulen. Bytinga skulle såleis svara nokolunde til den bytinga dei no bru- kar i praksis på større byskular. Dei andre karakterane for orden og åtferd var jamtover dårlegare enn avgangskarakterane. a Her må ein vera varsam, så det ein seier til foreldra, ikkje vert til skade for barnet i staden for til hjelp.
Skann 249 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 247». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/249/