SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 246 skann 248

246 11. Karakterar for orden og åtferd. 1. Karaktergradane er: Mykje godt (Mg), Godt (G), Nokså godt (Ng). Ein skal ikkje bruka -f og -^ til karakterane. 2. Sams drøfting. Er det fleire lærarar ved skulen, skal dei minst ein gong om året drøfta orden og åtferd — dei krava ein bør setja, og dei hjelperåder ein i dei ymse høve bør bruka til å fremja god orden og åtferd. Karakterane gjev ein i møte der alle lærarar som underviser i klassa, er til stades. Skulestyraren styrer møtet som gjev avgangskarakterane for øvste årskullet. 3. Å sløyfa karakterar i karakterbøkene. Elevane får karakterar for orden og åtferd i karakterbøkene like ofte som dei får karakterar for faga — om ikkje skulestyret har gjort vedtak om ein annan skipnad (sjå nedanfor). Er lærarane i ei klasse i storskulen samde om at det er best å ikkje gjeva karakterar for orden og åtferd i karakterbøkene, så kan dei berre føra karakterane inn i karakterprotokollen så framt skulestyraren er samd i dette. Er skulestyraren ikkje samd i det, skal skuleinspektøren avgjera saka. Der det ikkje er nokon styrar eller inspektør, legg lærarane (læraren) saka fram for skulestyret. Skulestyret kan gjera vedtak om å sløyfa karakterane i karakterbøkene for eitt eller fleire årskull og på avgangsvitnemålet. 4. Naudsynleg rettleiing. Er det noko sers i vegen med ordenen og åtferda til ein elev, så bør klasseforstandaren gjera både eleven og foreldra hans kjende med kva som er i vegen, kva årsakene kan vera, og helst og kva hjelperåder ein bør nytta til å retta på det som vantar. 5. Det barnet ikkje sjølv kan til. Når ein gjev karakterar for orden og åtferd, må ein vera mykje varsam så ein ikkje gjev dårlege karakterar for manglar som barnet sjølv er utan skuld i, men som t. d. tilhøva i heimen eller anna er årsak til. (At t. d. eit barn kjem for seint på skulen, at det ikkje har gjort ferdig heimearbeidet sitt osb., kan tilhøva i heimen ha skulda for.) 6. Orden — grunnlaget for karaktergjevinga. Ein tek omsyn til om eleven har ført dei skriftlege arbeida sine skikkeleg, om han gjer det arbeidet han skal til rett tid, om han møter presis på skulen og har med seg
Skann 248 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 246». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/248/