SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 245 skann 247

245 5. Grunnlaget for karaktergjevinga. Læraren må gjeva karakterar grunnlagde på notat han har gjort frametter terminen, og ikkje etter eit meir eller minder laust skjøn. Karakterane skal så langt råd er, svara til dugleiken elevane har i faga utan andre omsyn. Men er det serlege årsaker til at ein elev har fått ein eller fleire minder gode karakterar (sjukdom, minder gode arbeidstilhøve i heimen e. L), bør læraren seia frå om dette. Slike merknader om avgangskarakterane må edn ikkje setja på vitnemålet, men i eit serskilt skriv som eleven får når han går ut av skulen. 1 Til vanleg har det synt seg ein tendens til å gjeva urimeleg gode karakterar. Dette har ofte dregi etter seg at karakterane har mist det verd det opphavleg var meininga dei skulle ha, og karakterane har 6g vorti bruka mykje ulikt av dei ymse lærarane. Dette har vori til skade på fleire måtar. Difor må fyrst og fremst lærarane sjølve, men dg skulestyrar og skuleinspektør gjera alt dei kan til å hindr~ utgliding her. 6. Karakterbøkene — når ein skal bruka dei. Ein gjev karakterar frå og med utgangen av 3. skuleåret. Karakterane for 3. skuleåret fører ein berre inn i karakterprotokollen. Desse karakterane skal vera til rettleiing for lærarane og skulestyraren, og ein skal ikkje lata andre få kjennskap til dei. Frå og med slutten på 4. skuleåret får elevane karakterar i karakterbøkene: i 4. skuleåret 1 gong (ved slutten på skuleåret), i 5. — 6. skuleåret 2 gonger om året (til jul og ved slutten på skuleåret) og i 7. skuleåret til jul. Avgangskarakterane fører ein inn i serskild protokoll og på avgangsvitnemålet — ikkje i karakterbøkene. Elevane bør helst ikkje få andre karakterar enn dei som er nemnde her, såleis ikkje for einskildprestas jonar i skuletida. Heller ikkje bør ein gjeva noka «løn» som t. d. giansbilete, stjerner e. 1. Meiner ein lærar i storskulen, at det er best å ikkje gjeva karakterar i karakterboka i eitt eller fleire av faga hans i sume skuleår, legg han saka fram for skulestyret, og det kan gjera vedtak om å sløyfa innføringa av karakterane i karakterbøkene for eitt eller fleire av desse skuleåra. 2 1 Dette siste gjeld dg for merknader om serlege årsaker til at eit barn har minder gode karakterar for orden og åtferd. 1 d. e. 4. — 6. skuleåret.
Skann 247 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 245». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/247/