SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 244 skann 246

244 3 4 i lag 400 karakterar, vil det nok så å seia alltid verta avvik frå den eine eller andre kanten frå normalbytinga. Karakterprotokollen gjer ein opp for siste karaktergjeving i skuleåret, såleis at ein ser kor mange karakterar av kvar karaktergrad det er gjevi for kvart fag og for alle faga til saman i klassa. Kvart år skal eksamensnemnda få utskrift av eksamensprotokollen for avgangskarakterane i alle fag for kvar skule, og eventuelle merknader om karaktergjevinga skal nemnda senda til skulane så lærarane får høve til å sjå dei. Kva karakterane tyder. Sers godt gjev ein dei som serskilt merkjer seg ut — og difor sers sjeldan. Det kan finnast klasser der ein ikkje kan gjeva ein einaste Sg i noko fag, og det kan vera klasser der det er forsvarleg å gjeva noko fleire Sg enn normalbytinga seier. Skal ein kunna gjeva ein elev Sg i noko fag, så må eleven ha vist ein mognad, ei evne til sjølvstendig arbeid og ein dugleik som er over lag sjeldsynt. Det er såleis ikkje nok å kunna skriva ein «feilfri» stil, f inna dei rette svara på rekneoppgåver som kanskje fleire elevar i klassa kan greia, å kunna gjeva att det som står i lærebøkene osb. Derimot skal eit par mistak i småting ikkje vera til hinders for å gjeva Sg, så framt eleven elles har vist ein så sjeldsynt dugleik at han etter det som er nemnt framanfor, fortener karakteren. Ingen elev må få Sg i ikkje-skriftlege fag når han går ut av skulen, minder skulestyraren er samd i det etter at han har granska saka. Der det ingen skulestyrar er, må læraren åleme gjeva karakteren. Korkje i dei lågare klassene eller når ein til jul gjev karakterar i avgangsklassa, må ein gjeva Sg i større mon enn normalbytinga syner, utan skulestyraren er samd i det. Mykje godt gjev ein når eleven viser ein dugleik som heilt klårt er over medels. Godt gjev ein når eleven er medels dugande Nokså godt skal eleven få når han er under medels i dugleik, men fylgjer så nokolunde med i faget. Lite godt får ein elev som står sers mykje tilbake. Ein skal ikkje gjeva fleire Lg enn normalbytinga viser, minder skulestyraren er samd i det. Der det ingen skulestyrar er, må læraren åleme avgjera saka. Skjema vil verta & få i bokhandelen.
Skann 246 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 244». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/246/