SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 243 skann 245

C. Karakterar og karaktergjeving. o Ars- og avgangsprøver. 1 o I. Karakterar og karaktergjeving — sambandet med heimane. I. Karakterar for faga. 1. Karaktergradane. Det skal vera 5 karaktergradar : Sers godt (Sg), Mykje godt (Mg), Godt (G), Nokså godt (Ng) og Lite godt (Lg). Ein skal ikkje bruka 4- eller -^ attåt karakterane. I karakterprotokollen kan ein bruka avkortingane S, M, G, N og L og i karakterbøkene dei avkortingar som står i parentes. På avgangsvitnemåla skriv ein karakternamna heilt ut. 2. Normalbyting. Brukar ein desse karakterane rett, så skal eit større tal med karakterar (t. d. fleire tusen karakterar) vera bytt pst.-vis såleis: Karaktergradar: S — M — G — N — L Normalbyting: 4 — 24 — 44 — 24 4 Denne normalbytinga skal vera til rettleiing når ein gjev karakterar, og gjeld for kvart einskilt fag og for alle fag under eitt. I ei klasse på 30 elevar der ein t. d. gjev om 1 Desse reglane for karakterar og karaktergjeving og års- og avgangsprøver bør ein gjera gjeldande for alle skular. Skulestyret kan vedta om det skal vera årsprøve eller ikkje for dei ymse klassestega, om det skal vera skriftleg avgangsprøve i engelsk og munnleg avgangsprøve, men der det er slike prøver, bør ein fylgja dei reglane for prøvene som ein har sett opp i denne bolken.
Skann 245 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 243». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/245/