SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 240 skann 242

XVI. Hagestell. I. Mål. Målet er å læna elevane hagestell på ein slik måte at dei vert glade i arbeidet med jorda og at dei lærer å skjøna kor viktig dette arbeidet er. Attåt det skal opplæringa hjelpa til å auka kunnskapen åt elevane om naturen (praktisk naturkunnskap), vekkja sansen deira for venleiken i naturen og for dei faste lovene som råder der, og hjelpa til å oppseda dei til orden og arbeidstrott. 11. Rettleiing. 1. Der det er råd, bør kvar skule ha ein skulehage eller — der skulehagar heime høver betre — eit øvingsfelt. 2. Til vanleg legg ein opplæringa om ettermiddagen, og læraren rettleier i høgda 20 born om gongen i 2 timar ein eller to gonger for veka. Timetalet for året bør ikkje vera mindre enn 40, og elevane bør få skulehageopplæring i minst 2 år. Ein kan med gagn ta til med elevane alt i 4. skuleåret. — (10 — 11-åringar — gutar og gjenter). 3. Storleiken på hagen bør helst ikkje vera under 20 kvadratmeter for kvart barn. Der det er grisgrendt og langt imellom gardane, er heimeskulehagar best. I nærleiken av skulen må det då vera eit øvingsfelt der borna kan få turvande opplæring og øving, så dei lærer å gjera dei same arbeida i sine eigne hagar heime. Med hjelp av skjema, som borna sjølve fyller ut, fører dei kontroll med arbeidet sitt. 4. Den teoretiske opplæringa i skulehagen tek ein saman med det praktiske arbeidet alle stader der det høver, så elevane får ei verkeleg praktisk opplæring i naturfag i skulehagen. 5. Arbeidet i skulehagen bør stø opplæringa i andre fag, mel. a. med at læraren i så stor mon som råd er, hentar åskodings-
Skann 242 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 240». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/242/