SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 241 skann 243

241 middel frå skulehagen. Dette gjeld serleg heimstadlære, botanikk, zoologi, teikning. Læraren bør og lata elevane munnleg og skriftleg gjera greie for det dei har åtgått i skulehagen og elles i naturen, læra dei å fara varleg fram og ikkje -gjera skade der dei ferdast. 111. Arbeidsplan. Ein arbeidsplan med fast pensum for dei einskilde skuleåra vil vera vanskeleg å fylgja, med di tida for opplæringa er så ulik i dei ymse kommunane. I sume kommunar er det opplæring i dei 4 siste skuleåra, i andre berre i dei 3 siste osb. I skular som ikkje er 7-delte, må ein og ha born på ulike alderssteg saman i opplæringa. Læraren må difor gjera eii skjønsamt utval av det lærestoffet som her er nemnt, såleis at det høver best mogeleg med tilhøva på dei ymse stadene. 1. Dei lause jordlaga. Korleis dei vert til. a. Vérsmuldring. Fjellet vidar seg ut med varme, dreg seg i hop att med kulde. Det sprekk, vatn trengjei seg inn. Det frys til is og sprengjer laust stykke som på nytt vert sprengde i mindre og mindre delar. Vatn og luft tærer på fjellet, det vert til sand og leire. b. Det vert til moldjord. Dyr og plantar rotnar og vert til mold. c. Jordslaga. Matjord og undergrunn (aur). 2. Nytta av ut vei ting. Lågare grunnvatn, varmare jord. 3. Gjødsling. Kvæve, fosforsyre, kali, kalk. Minimumslova. 4. Arbei d i n g med jorda. Spading, raking, smuldring. Nytta av dette. Her tek ein med meitemakk, jordbakteriar. Bakteriefri jord (t. d. sterkt oppvermd jord) er «daud». 5. Skiftebruk. 6. Frøet. Brydding ved høveleg varme. Tilførsle av luft og væte. Elevane legg frø av erter og bønner og av ymse kornslag i våt sand eller sagmo til dess det brydder. Opplagsnæring, mat for den unge planten og mat for folk og fe. 7. Såing. Ein klappar til jorda over frøet. Då kjem jordvæta opp til frøet. Litt laus jord vert strådd ovanpå. Då eimar ikkje væta så snøgt bort. 16 — Normalplan for landsfolkeskulen.
Skann 243 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 241». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/243/