SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 239 skann 241

239 for eksamensoppgåva 1 når det gjeld ordforrådet, og som skal innehalda ca. 600 ord av det aktive ordforrådet. Grammatikken repeterer ein etter den systematiske utgreiinga. Dei skriftlege øvingane i dette skuleåret vert mest å ta opp att stoff som har vori gjennomgått før, fyrstundes etter serskild førebuing, etter kvart utan, og i meir eller minder brigda form. Læraren les alltid opp teksta før elevane skriv ho, 1 eller 2 gonger etter som det trengst. Det er ikkje meininga at eleven plent skal attfortelja ordrett det som er lesi opp. Tvert imot bør han så snart som råd er, venja seg til fri attforteljing. Ved eksamen i 7. skuleåret får elevane jamnast til skriftleg oppgåve ei stutt gj eng j eving på engelsk med innhald og gloseforråd som er tekne frå det obligatoriske pensumet i leseboka. Jamsides med denne gjengjevinga kan ein gjeva til oppgåve å svara på visse spørsmål frå pensum (grammatikk, gloser osb.). Munnleg prøve 2 femner om det pensum som er lesi i 7. skuleåret, og eksaminasjonen går for seg med opplesing og samtale som i skuleåret. Ein må leggja svært stor vekt på korrekt uttale. Den munnlege prøva skal vera ei klasseprøve. 1 Skulestyret gjer vedtak om ein skal ha skriftleg eksamen i engelsk, og korleis eksamen skal vera skipa. Sjå elles bolk C. * Sjå bolk C.
Skann 241 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 239». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/241/