SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 238 skann 240

238 elevane lett koma til å tykk ja at faget er keisamt, og missa lærehugen, og det vil verta svært leitt for arbeidet seinare med å læra dei målet. Er ljodkurset fråseggjort, går ein over til dei engelske tekstene og går igjennom om lag 50 sider. Ein bør så tidleg som mogeleg ta til å bruka det aktive ordforrådet. (Ca. 400 ord i 6. iskuleåret.) Opplæringa må ein heilt frå fyrste tida gjera så konkret som råd er med direkte åskoding, teikning og bilete. Di k t lærer ein og syng når det er høve til det. Stoff ein har gått igjennom før, bør ein stendig ta opp att, helst systematisk. Munnleg lekse: Ein bør gjeva munnlege lekser til kvar time. Leksene må ein gå omhugsamt igjennom på førehand. Læraren kan bruka nokre få minutt av kvar time til å kontrollera elevane sitt arbeid med heimeleksa. Skriftlege øvingar: Avskrift heime, anten med direkte avskrift av teksta i boka eller med oppgjevne brigde. Seinare kan ein gå over til diktat, fyrstundes må ein gå igjennom teksta til diktaten på førehand. Litt om senn avgrensar ein denne førebuinga, men jamnast bør læraren halda ?eg til stoff som er gjennomgått før. Ein gong imellom — i slutten av året — kan ein ta diktat med ukjent stoff til prøve, men utan vanskelege, ukjende ord. Ein tek til å bruka grammatiske og stilistiske øvingar. Her kan ein gjeva til oppgåve å brigda til anna tal, andre tider og personar, å setja verbet om frå aktiv til passiv og omsnutt. Fin bør og øya å setja inn pronomen i staden for substantiv, vending frå direkte til indirekte tale og frå forteljande til spørjande og nektande form. Ei anna god øving er å fylla ut setningar med «hoh i og å forma setningar om einskilde ord, like eins å byta om ordlag, svara på visse spørsmål eller å forma spørsmål til oppgjevne svar. 7. skuleåret. Om lag 50 sider engelsk tekst, på jamnen samanhangande (utgreiing, skildring, dramatiske småstykke, dikt). I fyrstninga bør ein ta ordtyding før ein les teksta. Seinare kan ordtydinga — serleg i lettare stykke — koma etterpå. — Fyrst les læraren opp, dinest elevane. Forteljing (av læraren) og samtale skifter etter arta åt stykket. Lekse og eksaminasjon som i 6. skuleåret. Repetisjon mot slutten av skuleåret. Om lag helvta av dei 50 sidene skal vera obligatoriske stykke (statarisk pensum) som i hovudsaka kan gjeva grunnlag
Skann 240 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 238». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/240/