SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 237 skann 239

237 skriftlege og det munnlege arbeidet må stø einannan på alle steg. Ein bør ikkje gjeva noko skriftleg arbeid før ein er viss på at elevane har turvande føresetnader for at dei maktar det fullnøyande. 8. Heile tekst pensumet som ein skal gå igjennom, bør vera ora lag 100 sider, alt etter læreboka si art. Med denne teksta til grunnlag lærer elevane ca. 1000 aktive ord, ordforrådet bytt på 6. og 7. skuleåret. Område av kvardagslivet som det då vert naturleg å handsama, er: 1. Skulen og livet der: lærar og elevar, klassa, skulebygningen — med grannelag, timen, frikorter, feriar osb. 2. Tal (bør koma tidleg), tidsinndeling. 3. Storleik, form og farge. 4. Frendskapshøve. 5. Mannekroppen, helse, sjukdom, liv, daude. 6. Vér, temperatur o. 1. 7. Heimen og livet der: huset, husbunad, bruksting, klede, måltider, husleg arbeid, leik og anna moro. 8. Landet: Landskap, årstider, dyr og plantar, arbeid, moro osb. 9. Byen: Gata, butikkar, mynt, mål, vekt, offentlege bygningar og tilskipnader, næringsvegar, moro osb. 10. Samferdslegreier. 11. Naturen: Land, hav, skog, fjell, elv, lufta, himmelleka- mar osb. 12. Nokre einfelte omgrepsnamn (abstrakt). 111. Arbeidsplan for skuleåra. 6. skuleåret. Ein tek til med «it ljodkurs. Dette er fyrst generelt med dømie frå norsk. I dette lærer ein artikulasjonsstaden og artikulasjonsniåtem til ljodane, medvitande taleorgan-bruik, ljodgruppering og ljodnemning, skilnaden på klanglaus og klangfør ljod osb. Alt byggjer ein på det elevane sjølve har åtgått, og med stendige øvingar. Så går ein igjennom og lærer dei engelske ljodane. Skildring og ettergjerd går hand i hand. Ein krev grannsemd i artikulasjonen. Heile ljodkurset tek eit par veker og bør vera fråseggjort før ein går lenger. Når læraren går igjennom ljodkurset, bør han prøva å gjera opplæringa så tiltalande og interessant som råd er. Elles kan
Skann 239 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 237». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/239/