SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 236 skann 238

236 Omfram det aktive ordforrådet skal eleven og eigna til seg kjennskap til edt passivt ordforråd. Dette vil etter kvart verta aktivisert i den vidaregåande sprake pplæringa, og dei elevar som berre får den engelskopplæringa folkeskulen gjev, vil på denne måten bli sette i stand til i nokon mon å skjøna engelsk (t. d. engelsk litteratur, talefilm o. m.) langt utom det aktive ordforrådet deira. Dette er noko av det viktigaste som engelskopplæringa i folkeskulen kan gjeva dei. Alle elevar skal ha ei arbeidsbok der dei nye orda og ordlaga som læraren gjennomgår, vert skrivne inn. Denne boka fører ein såleis som læraren finn formålstenleg, og han bør stendig kontrollera henne. Dersom læraren kan teikna på tavla — endå om det ikkje er så stort — er denne evna til god hjelp når elevane skal læra nye ord (skaffa orda innhald), og når det gjeld å vekkja interesse for faget i timane på skulen og ved førebuingane heime. 4. Samtale på engelsk bør vera den viktigaste opplæringsforma både når ein fortel kva orda tyder, og seinare når elevane skal øva seg i å bruka dei. (Omsetjing til norsk bør ein jamnast gjeva til slutt, eller endå betre — få fram med eksaminasjon om ein har tid til det. Men læraren bør ikkje eva seg på å bruka norsk til utgreiing då og då når han finn det formålstenleg.) 5. Samtalen på engelsk er og den naturlege førebuinga til å lesa det framande målet. Med lesing, som etter kvart får det fyrste og største romet i arbeidet, øver ein to ting : uttale og evne til beinveges å skjøna kva teksta meiner og inneheld. Dette siste att kontrollerer ein med samtale om det som er lesi. (Når det syner seg at samtale på engelsk ikkje fører fram, nyttar ein omsetjing eller utgreiing på norsk.) 6. Hovudprinsippa i grammatikken kan elevane læra systema- tisk gjennom samtale. Fyrst når dei har vant seg til å bruka eit prinsipp i konkret tilfelle, formar ein regelen i samarbeid mellom klassa og læraren, og til slutt finn ein regelen i grammatikken og lærer han utanåt. Når det gjeld grammatikkopplæringa, bør det alltid vera eit godt og effektivt samarbeid mellom engel sklæraren og norsklæraren. I den munnlege opplæringa går ein fram strengt systematisk, såleis at ein til kvar tid konsentrerer arbeidet om ei sakleg samanhangande glosegruppe og eit visst grammatisk fenomen. Når ein har gjennomgått heile grammatikken, kan ein sjølvsagt arbeida friare. 7. Dei skriftlege øvingane fylgjer nøye den munnlege opplæringa både når det gjeld glosebruk og grammatikk. Det
Skann 238 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 236». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/238/