SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 235 skann 237

XV. Engelsk. I. Mél (minstekrav). Når elevane sluttar det 7. skuleåret, skal dei ha lært: 1. god uttale, 2. å skjøna, lesa, tala og skriva det framande målet innanfor eit sterkt avgrensa område, 3. sikker kjennskap til viktige hovudrag i engelsk grammatikk, 4. eit aktivt ordforråd (ca. 1000 ord) som skal v«ra dei mest vanlege og nyttige ord som ein brukar i jamn munnleg eller skriftleg målbering. (Sjå 11, 8. punktet.) 11, Rettleiing. 1. I denne planen har ein gått ut ifrå at ein i hovudsaka fylgjer dei reglane som no gjeld eller vil koma til å gjelda for næmingsopplæring i engelsk etter direkte metode i deri høgare skulen, med den tillemping som trengst. 2. Uttalen må ein gjennom heile kurset gjera seg mest mogeleg føre med. Å læra seg til heilt korrekt og nøyen uttale er framfor noko anna nettopp næmingsopplæringa si sak. Grunnlaget legg ein i det fonetiske kurset som er nemnt nedanfor, men det er den stendige øvinga som skal gjera det ein lærer i kursa til sikker vane. Difor må ein og heile tida vera ovleg påpassig med å retta jamvel dei minste mistak, og kvar gong må det vera øving i det som er rett. Her er klasseopplæring og elevaktivitet svært naudsynleg. 3. Eleven skal eigna til seg eit aktivt ordforråd, og ein må merk ja seg vel, at dette ordforrådet må vera såleis at eleven ikkje berre veit kva det engelske ordel tyder når han ser eller høyrer det, men at han sjølv kan f inna og bruka det når han treng det.
Skann 237 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 235». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/237/