SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 20 skann 22

20 Når filmen i seg sjølv har evna til å hugta elevane meir enn faste bilete og mange andre læremiddel, så kjem vel det av rørsla i filmen — ein har med andre ord «levande» bilete. Det er dette som er grunnen til at filmen har vorti kjend for eit sers godt opplæringsmiddel, som har stort verd når han vert nytta på rette måten. Filmen set store krav til merksemda. Born greier til vanleg ikkje å fylgja vel med i lengre tid om gongen. Difor bør ein opplæringsfilm ikkje vera for lang. Læraren bør greia stutt og nøye ut om innhaldet i filmen. Han syner filmen fram med stutte utgreiingar. Før borna får sjå filmen, må dei få vita at det kan verta spørsmål om å gjeva att innhaldet, munnleg eller skriftleg. Det er fleire typar av film. Når det gjeld filmformatet, nemner ein her to typar, den vanlege filmen (35 mm) og smalfilm (16 mm). Den vanlege breifilmen (35 mm) brukar dei på kinematografar o. 1. Til opplæringsfilm går dei no over til smalfilm. Ein skil mellom film som kan brenna, og film som ikkje brenn. I skulen bør ein berre bruka film som ikkje brenn. Rett nok er han tjukkare, ikkje så sterk og vert snøggare riput, men så slepp ein og ottast faren for brann. Den standardiserte smalfilmen brenn ikkje. Det kan verta tale om å kjøpa eller leiga film. I lengda vil det å leiga film vera ein dyr skipnad, og ofte må skular som leiger film, venta på å få den film dei ynskjer, eller dei lyt nøya seg med den film som av eit hende er å få. Det ville vera bra om kommunen eller fylket sjølv åtte ei samling med skulefilm som skulane kunne få lånt når dei trong dei. Filmapparat. Dei apparat ein må bruka til 35 mm film, er branntrygge. Den typen som skulane bør stila etter å få, er apparat for smalfilm. Når ein skal kjøpa film og apparat, bør ein alltid søkja sakkunnig rettleiing.
Skann 22 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 20». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/22/