SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 19 skann 21

19 Der det er høve til det, kan ein ha samlingane i serskilde Tom, men betre kan det vera å ha læremiddel av ymse slag i gangar eller på andre stader der borna har godt høve til å sjå dei utanfor undervisningstimane dg. Samlingane må alltid vera i god orden, såleis at det er lett å firma det ein treng. På dei større skulane bør difor ein av lærarane ha tilsyn med samlingane mot ei rimeleg nedsetjing i lesetida. Lærarane må og syta for at dei formålstenlege hjelpemiddel skulen har, verkeleg vert nytta. Det kan vera bra å lata elevane få henta og bera på plass att ymse slag læretarvende ein har bruk for i timen. På denne måten kan læraren spara tid, og elevane har godt av det, med di dei ven seg til orden og grannsemd. Dei tykkjer dg mon i tillita som ein på denne måten syner dei. Ei serstode mellom læretarvendet har skulefilmen, mel. a. for di han er eit svært godt opplæringsmiddel, og for di han til dessa har vori lite bruka. 2. Ljosbilete og film. Ljosbilete. Med gode ljosbilete kan ein klårleggja eit emne frå fleire synsstader, og ein kan gjeva borna ei rad med førestellingar i samanheng. Dette freista ein fyrst å greia med vanleg ljosbiletapparat (vanleg laterna magica). Seinare har dei gjort dette apparatet betre på ymse vis. Ein har både dei vanlege gjennomlyste bileta og dei «reflekterande» bileta. Dei gjennomlyste bileta projiserer ein i eit vanleg diaskop (ljosbiletapparat). Desse bileta er vanlege glasbilete, eller ein har ei rad med bilete på filmband. Desse filmbanda kan ein nytta på dei vanlege ljosbiletapparata. Gogna må då ha ein framsats der ein kan setja filmen i to rullar. Føremonen med desse filmbanda er at ein berre med ein handsving kan lata bileta skifta, og ein slepp ulempene med den stendige glasplateskif tinga. Når ein brukar reflekterande bilete, vert vanlege bilete lyste sterkt opp, og ljosstrålane vert reflekterte i spegel gjennom objektivet. Omfram prospektkort, fotografi, bilete i bøker o. 1. kan ein 6g projisera bilete av ymse slag ting som ein legg i apparatet. Film og filmapparat. Med hjelp av film samlar vi opp inntrykk for inntrykk til dess alt er gjennomgått og oppby gt. Noko liknande går for seg når ein eksperimenterer i naturfag og andre fag.
Skann 21 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 19». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/21/