SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 21 skann 23

Be Undervisningsplanar. I. Timebytetabell. Merknader til timebytetabellen. Handarbeid: Timebytet for udelte, 2-, 3-, 4- og 5-delte skular byggjer på at handarbeid vert teki i serskilde kurs minst 2 veker. Men der det er råd å få faget utbytt i den vanlege skuletida frametter året, bør ein gjera det. Husstell : Husstell legg ein til dagar mellom dei vanlege skuledagane. Engelsk : 1. Engelskopplæringa i landsfolkeskulen må ein skipa såleis at ho ikkje skader eller kjem til fortrengsle for opplæringa i dei andre faga. 2. Ein må elles firma ein skipnad så lagleg som det let seg gjera etter tilhøva i bygda. Ein bør fara varleg fram og ikkje gå til å føra inn engelskopplæring i ein krins, før ein — så langt råd er — har visse for at alt ligg såleis til rette at det nye faget verkeleg kan verta til gagn for skulen i det heile. 3. Ein skal peika på eit par måtar å skipa opplæringa på: A. Ein tek engelskopplæringa i 6. og 7. skuleåret med 2 timar i 2 dagar i veka i 36 veker, d. e. i alt 144 timar om året. Ein legg opplæringa på dei dagane då elevane ikkje har anna opplæring. Skipnaden byggjer på eigen engelsklærar, eller at læraren i krinsen, dersom han kan ta på seg engelskopplæringa, vert friteken for tilvsarande timar i den vanlege
Skann 23 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 21». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/23/