SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 18 skann 20

18 med byskular synte at om lag 50 pst. av all attsitjing kom seg av det arbeid elevane hadde å gjera heime. Før elevane får noko heimearbeid, må dei alltid ha fått turvande rettleiing på skulen. IX. Tilsyn Den som fører tilsyn med skulen, må ikkje gjera det såleis at lærarane har grunn til å tru at den som fører tilsynet, går og leitar etter manglar og mistak. Den viktigaste føreloga for den som fører tilsyn med ein skule, er på kunnig og taktfull måte å gjeva effektiv hjelp, rettleiing og råd, og å syta for at det er godt samarbeid ved skulen og mellom skulen og heimane, såleis at skulen kan arbeida under så gode vilkår som råd er. Til å få vita korleis arbeidet vert drivi, kan ein då og då høyra på opplæringa, men vil ein få greie på resultatet av arbeidet, er det oftast mykje meir effektivt å sjå på dei ferdige arbeida og ender og då halda skriftlege prøver med oppgåver som mest mogeleg er i samsvar med det planen legg hovudvekta på. Det som gjeld det tilsyn med skulen som ein styrar eller inspektør har, gjeld og i hovudsaka lærarane sitt tilsyn med elevane, arbeidet deira og åtferda. Spørst det etter åtferda til elevane, då er det mykje om å gjera at ein litt om senn ven borna til å fara fint åt utan at nokon er til stades og passar på — anten det så er i skulestova, på leikarplassen eller utanom skulen. X. Læremiddel. 1. Samlingar og lesestover. Omfram dei hjelperåder som kvar elev skal ha, må skulen ha gode samlingar av læremiddel av ymse slag : naturting, preparat, modellar, apparat for opplæring i naturfag og andre fag, kart, bilete o. m. (sjå dei einskilde planane). Kvar større skule bør haeilesestove med naudsynlege bøker og andre, hjelpemiddel som det er bruk for. I lesestova lærer elevane etter kvart sjølve å firma fram dei hjelpemiddel dei treng, og dei lærer å setja tinga på plass att etter dei har bruka dei. Nettopp i ei slik lesestove er det høve til å gjeva elevane øving i sjølve å firma fram til det stoff dei har bruk for. Dette er det lagt stor vekt på i denne planen.
Skann 20 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 18». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/20/