SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 207 skann 209

207 Opplæringa. 1. Alt må ve r a godt førebutt og lagt til rettes før arbeidet tek til. Ein må sleppa å henta matvarer og anna i skuletida. 2. Orden, reinsemd og sparsemd. Det har mykje å seia å venja elevane til orden, reinsemd og vitug sparsemd. 3. Å byta ut øvingane. Ein må så langt råd er, leggja leksjonane såleis at ein får 2 opplæringsemne av nokolunde same slaget nett etter einannan. I fainiliekjøkenet der ein har grupper på 4 elevar, er det på jamnen best å lata 2 elevar etter tur laga hovudretten for dagen. Reingjering, pussing og vask tek ein når det er høve til det, like eins ymse slag baking. Serleg legg ein seg om å gjeva elevane øving i jesterbaking. 4. Tida. Elevane må læra kor lang tid dei ymse arbeida tek, og at ein må ta arbeida i rett rekkjefylgje, så ein kan nytta tida på beste måten. Dei må læra kor lang tid det tek å koka eller steik ja ymse sdag mat, å gjera reingjeringsarbeid osb. 5. Kostlære og praktisk matstell. Opplæringa i praktisk matstell må stå i nøye samband med kostlæra. I kostlære går ein igjennom: Kvar dei rå matvarene kjem frå, emna i råvarene og korleis ein nyttar dei, korleis ein lagar råvarene til og gøymer dei, næringsverdet i høve til prisen. I kostlære går ein ut ifrå matvare-iinndelinga i sikringskost og tilleggskost. Serleg må ein innprenta kor mykje grovt og hardt brød, frukt og grønsaker har å seia for helsa. 1 Opplæringa må stø seg til røynsle frå heim og skule, frå einfelte freistnader og framsyningar. Elevane må helst få høve til å gjera freistnadene sjølve og så langt råd er få sjølvstendige arbeidsoppgåver, så dei litt om senn kan læra å gjera einfelte arbeid åleme. Borna reknar ut prisen på maten og fører rekneskapen inn i ei bok. Denne boka og ei «matlære» får borna til eige når dei sluttar på skulen. Når opplæringa tek til om hausten, byrjar ein av praktiske grunnar med frukt, grønsaker og poteter, og så tek ein mjølk. Etter det går ein så igjennom andre matemne. Er opplæringa 2-årig, kan ein i siste skuleåret ta med 1 Ein legg vekt på å læra elevane å nytta viltveksande plantar og frukter t. d. nesle, melde, nype og rognebær.
Skann 209 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 207». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/209/