SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 206 skann 208

y XIV. HussteU. I. MAI. Målet er: 1. å gjeva elevane noko øving i vanleg matstell, baking, sylting, reingjering og kledevask, 2. å skaffa elevane dei kunnskapar om næringsemna, den praktiske varekunnskapen og den kjennskapen til korleis ein skal stella med og laga til dei vanlege matvarene som ein treng til eit rasjonelt kosthald. 3. å fremja interessa og vyrdnaden for husleg arbeid og fremja sansen for reinsemd og vitug sparsemd. 11. Rettleiing. Korleis ein skal skipa kursa. Ein skipar opplæringa såleis som det høver best på dei ymse stadene, t. d.: 1. Samanhangande kurs på 6 veker etter skulegonga er slutt. 2. Opplæring i 6 veker det siste skuleåret, helst bytt på 3 veker om hausten og 3 veker om våren. Kvar veke er det opplæring i 6 dagar med leksjonar på 4 timar, såleis at ein får 36 leksjonar å 4 timar i det heile. Mindre opplæring i husstell bør det ikkje vera. 3. Ein legg husstellopplæringa inn i planen som ein 4. skuledag. 4. 2-årig kurs med opplæring i 6 veker eller 36 leksjonar kvart av dei 2 siste skuleåra er sjølvsagt ein betre skipnad.
Skann 208 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 206». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/208/