SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 208 skann 210

208 litt fysikk og kjemi, litt am reingjeringsmiddel og litt av den parten av elektrisitetslæra som hjelper elevane til å bruka dei elektriske kokeapparata rett o. m. 6. Å velja retter. Lærarinna må ikkje kjenna seg bunden til å ta berre dei rettene som er nemnde i planen, men ho må ta turvande omsyn til tilhøva på staden, såleis at hustellopplæringa kan verta til størst mogeleg nytte ved at elevane lærer å laga til dei matrettene som høyrer staden til, på beste måten, og med at dei lærer å nytta dei gode råemna som er å få til rimeleg pris på staden. Hovudsaka er at elevane får nokolunde dei øvingane som er nemnde i planen, og ikkje at dei lærer å laga plent den maten som er førd opp i planen. Dei ymse rettene kan lærarinna ta i ei anna rekkje enn planen viser, når det er serleg ynskjeleg. 7. Hus s t ell og andre fag. I arbeidet må ein mest mogeleg dra nytte av det elevane har lært i andre fag, serleg naturfag, hagestell og rekning. Like eins bør ein så langt råd er, byggja på det elevane kan av husstell før.
Skann 210 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 208». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/210/