SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 199 skann 201

199 makt over seg sjølv, og ho styrkjer og fremjar innreien i kroppen. 16. Ski-ridrotta er allsidig f rem j ande kroppsøving. Skal dei unge få full nytte og glede av ski-idrotta, så bør rettleiinga som skulen gjev, ta til så tidleg som råd er. Øvingar som fremjar balanseevna, og som gjev støleik i kropps- og skiføring, må få brei plass i opplæringa. Før ein set øvingane på ski i gang, må læraren sjå etter at ski og bindingar er brukande. Elevane må kle seg godt. Bakken må ein og ha sett over på førehand, så ein er trygg på at det er nok snø, og at steinar og stubbar er heilt dekte. 17. Symjing er ei framifrå idrott. Ho fremdar kroppen harmonisk, gjev mjukleik og god kroppsburd. Symjing er noko alle bør kunna, og som skulen må setja noko inn på å læra dei unge. Symjing kan ein læra på stutt tid. Har ein lært taka godt på land, greier ein ofte brystsymjing etter få timar øving i vatnet. Alle kan læra å symja så sant ded har tilgjenge til vatn, og ein kan driva symjeøVtngar (sjå minstekrava). Ein må vera svært påpassig når ein driv symjeøvingar, så borna ikkje skader seg eller kjem i fare. Er det fleire enn om lag 10 elevar, bør det vera 2 sumde vaksne til stades når dei laugar seg. Laugarstaden bør vera logn og ha nok sol. Han må ha reint vatn (rein sjø) og helst sandbotn, med langgrynne. Botnen må ein granska nøye på førehand. Varmegraden både i vatn og luft bør helst ikkje vera under 15° C. Der det ikkje høver å gjeva borna opplæring i symjing i den tida elevane har vanleg skule, tek ein opplæringa i eit stuttare symjekurs i sumarfritida. Når borna har opplæring i symjing, skal det alltid liggja båt med bergingtsline attmed laugarstaden. 18. Skeiserenning. Der det er høve til det, skal ein gjeva borna noko opplæring i å renna på skeiser (sjå minstekrava). Ein må vera svært påpassig så ein ikkje risikerer ulykker. 19. Fritaking. Elevar som ikkje kan vera med i alle øvingar, må ikkje vera heilt fritekne. Ein må lata dei vera med i øvingar dei kan greia. Heil fritaking må ein berre gjeva når det er absolutt naudsynleg. Skal ein elev vera friteken for lengre tid, kan ein krevja attest frå lækjar, helst skulelæk jaren.
Skann 201 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 199». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/201/