SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 200 skann 202

200 20. Reglar fo r va r se m d. Elevane må ikkje vera i gym nastikksalen utan tilsyn. Når det er turvande, må ein gjera elevane kjende med den faren som kan fylgja med vanskelege øvingar. Når det er hopp, må læraren eller einkvan av dei mest pålitande elevane ta imot attmed reiskapen. 21. Materiellet. Har skulen gymnastikkrom, må dei ha forsvarleg bunad, og materiellet må ha sin faste plass i salen og i reiskapsromet. Ein må handsama materiellet med varsemd, og ein må sjå etter og saumfara det minst 2 — 3 gonger om året. Festet for taua og heile bomordninga må ein vera serleg merksam på. All reiskap som treng det, må ein passa godt med smurning. Kvar ein brest eller skade på materiellet bør ein få vølt på straks. Av leike- og idrottsmateriell bør skulen ha dette: 1 stativ til høgdehopp, 1 sett stativ til korgball, 1 sett stativ til handball, 2 store ballar (t.,d. nr. 4), 2 mellomstore ballar (t. d. nr. 2 — 3), 4 massive gummiballar eller skinnbaillar til kast og langball o. m.), nokre tennisballar, eit målband (25 m langt), 2 symjeselar og 6 symjebelte (der ein kan driva med symjing), nokre par ski til dei elevar som ikkje har sjølve, 2 sett lagsmerke (med nr. og ulik farge) og helst og 1 personvekt og 1 høgdemål. 22. Leikar- og idrotts plassar. Når det gjeld leik og idrott ute, spørst det helst om ein har brukande plass. Storleiken på plassen kan ikkje vera under eit visst minstemål så framt ein skal kunna driva t. d. 60-m laup, langball, korgball, handball og fleire andre ball-leikar så det er gagn i det. Storleiken på plassen bør vera 50 — 70 m lengd og 30 — 40 m breidd. Plassen må vera godt utveita, så han held seg tørr. Ein må planera han og helst leggja på eit lag matjord blanda med fin sand. Ein må ikkje fylla plassen med kult- eller pukkstein. Kan ein få han til å grasgro, er det aller best. Ein bør elles alltid søkja kunnig hjelp når ein skal gjera i stand leikar- og idrottsplass for skulen. 23. Klasseturar. Minst ein dag kvart år bør ein nytta til utferd med klassa. Turane må vera godt planlagde på førehand. På turane og må læraren gjeva turvande rettleiinjg og hjelp. Er det utferd på ski, bør læraren, om det er råd, gjeva rettleiing i utforrenn, slalåmrenn eller hopprenn. Øvingane må vera så lette at det ingen vågnad å kalla er å vera med i dei.
Skann 202 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 200». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/202/