SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 198 skann 200

198 13 14 15 å Vera med. Her som i andre fag er det ikkje prestasjonane i seg sjølve det fyrst og fremst spørst om, men prestasjonane i høve til givnad og evne hjå den einskilde eleven. Difor må ein syna stor takt og varsemd, så ein ikkje går så langt at interessa og arbeidet samlar seg om framsyningar og stemner der berre dei beste er med, medan dei andre berre ser på. Det var ynskjeleg om læraren kunne sjå til med kroppsøving for elevane, og då serleg idrotta, utanom skuletida. Idrottsråda — der ein har slike råd — bør då og då få i stand sumar- og vinterstemner. Ei stemne bør helst femna om fleire skular, og alle elevar i kroppsøving frå 5. — 7. skuleåret bør vera med i stemnene. Til å motarbeida spesialisering og rekordgreier må arfbeidsmålet femna om fleire øvingar. Til stemner i friidrott høver det godt å bruka 3-kamp (60-m laup, høgdeeller lengdehopp og kast med stor ball) eller 5-kainp (60-m laup, 2 hopp og 2 kast). Uthaldsprøver er forbodne. Leik. a. Leikar med ball og med å spring a. Det som fyrst og fremst gjev leiken det store verd han har, er den oppsedande verknaden hans. I leiken må elevane samarbeida og retta seg etter lovene for leiken. Med frisk og livfull leik som vert godt styrd, styrkjer ein samstende-kjensla hjå borna. Samstundes får dei god kroppsøving. Skal leiken fylla si oppgåve, er det naudsynt at ein styrer han godt. Læraren må konlrollera nøye at elevane alltid fylgjer reglane og driv rett og ærleg spel. Heile tida må han fylgja så godt med at han kan rettleia elevane når dei gjer gali. Er det mistak som herre gjeld ein einskild, rettar han vedkomande utan å stogga spelet, men gjer dei rangt nokon kvar, stansar han spelet og rettar mistaket, så alle får greie på det. Med spørsmål eller på annan måte tryggjer han seg at alle har skjøna rettinga. b. Song- og dans -leik ar. Leiken skal øya opp rytmesans, lettleik og presisjon og oppseda til naturleg måte å te seg på. Det gjeld å ta i bruk dei gode folkesongane og folkeleikane. Fri-idrott er «i allsidig form for kroppsøving. Ho gjev styrke og sprsekleik, snøggleik og uthald, disiplin og
Skann 200 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 198». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/200/