SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 197 skann 199

197 11 2 eller båe slaga. Då og då kan det vera formålstenleg å nytta heile timen berre til gymnastikk, idrott eller leik. Av di tida er knapp, så må ein syta for å koma i gang med øvingar med same timen tek til. Difor bør elevane byta klede i frikorteret dersom det er råd. Elevane bør vera skipa i deilder etter dugleiken. Deildene skal ha sine faste oppstellingsplassar. Når læraren seier: «Deildene på plass!» skal kvar ein vita kvar han skal av: Ei deild har t. d. sin faste oppstellingsplass på ballkast-staden, ei anna attmed startgropene, ei tredje på høgdehoppstaden o&b. Etter øving i nokre minuttar byter deildene om, såleis at når timen er slutt, har alle hatt gymnastikk og leik, gymnastikk og idrott eller både gymnastikk, leik og idrott. I grove drag arbeider ein idrottsøvingane inn med heile deilda etter kommandering på geled. Fyrst øver ein elevane opp i stillingane, så i hovudrørslene og til slutt i einskildtinga. Når einskildtinga er godt lærde, set ein dei i hop. Einskildtinga i ei øving skal gå saman til ei naturleg, harmonisk rørsle. Ein må ofte gå tilbake og øva ein og annan einskild ting som går minder godt, og som hindrar at hovudrørsla vert rett gjord. Ein fylgjer dei vanlege instruks jonsprinsippa : Tydeleg framvising, stutt utgreiing og trottig øving. Når klassa arbeider i grupper, må kvar gruppe få ei fastsett oppgåve å arbeida med. Dei glupaste elevane brukar ein til deildeførarar og hjelpeinstruktørar. Ein skal gjera rørslene laust og ledug og i rett stil. Elevane må ikkje spana musklane for å tvinga seg fram på den måten. Då øydelegg dei stilen og trøyttar seg ut til lita eller inga nytte. Når ein stendig tek rørslene opp att, så kjem kreftene og farten av seg sjølv smått om senn. Medan ein øver, må alle vera i arbeid. Ingen må vera gjerandslaus. Den einskilde idrottsøvinga må ha sin faste stad på plassen, og det må vera eit rimeleg tal på elevar i kvar deild. Dei «iste minutta, — men ikkje friminutta — tek ein til dusj — om edn har høve til det — eller til å tørka seg og frottera huda og til å kle seg om att. Elevar som har dårleg givnad og evne for faget, treng gjeme aller mest å få høveleg kroppsøving. Difor er det serleg om å gjera at opplæringa er såleis at desse elevane ikkje vert modlause og misser hugnaden av
Skann 199 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 197». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/199/