SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 17 skann 19

17 Det må ikkje verta noka nøyen utpensling på desse oppgåvene. Riss og teikningar bør vera så einfelte som råd er, så dei ikkje tek så lang tid at det fører borna bort frå det eigenlege arbeidet med emnet. Ein får heller slå av noko på kravet om at arbeidet skal vera så og så fint fråseggjort. Kan ein få retta bøkene til borna etter kvart medan dei arbeider med oppgåva i timane, i samarbeid med den einskilde eleven, så bør ein gjera det. Arbeidsoppgåvene i orienteringsfaga rettar ein ikkje som vanlege oppgåver i norsk. I rettinga tek ein i hovudsaka sikte på å gjera arbeidet betre reint fagleg sett med å få bort faglege mistak og med å få med nytt stoff osb. Ein må vera varsam med å driva rettinga såleis at elevane misser modet til å arbeida lenger. Ein bør difor fyrst og fremst festa seg ved dei viktigaste faglege mistaka. (Dei av borna som ikkje vil kunna greia arbeidet, må ein gjera det lettare for, t. d. ved å lata dei gjera berre ein viss del av den oppgåva som klassa eller gruppa har fått.) Det viktigaste er at elevane sjølve får tid og høve til fagleg arbeid med emnet, og at dei når fram til eit så godt resultat som råd er, på rimeleg tid. I samanlikning med dette må rettskriving og prydeleg føring i bøkene koma sist — men sjølvsagt utan at dette dreg etter seg slurv og uorden i arbeidet. Vill. Heimearbeid. Ein må syta for at heimearbeidet vert rimeleg bytt på arbeidsdagane i veka. Ein må ikkje setja større krav om heimearbeid enn turvande er. Serleg gjeld dette når arbeidsvilkåra i heimen er dårlege og elevane har små evner. Ein må alltid syta for at borna får nok tid til kvile og leik. Kor mykje heimearbeid ein kan gjeva ein elev, står mel. a. på arbeidstilhøva i heimen, på evnene og arbeidskrafta til barnet o. m. Arbeidstilhøva i heimen kan vera gode, så borna får arbeidsro og kanskje til-med god hjelp, men tilhøva kan og vera såleis at det er vanskeleg eller umogeleg å få gjort arbeidet på skikkeleg måte osb. Gjev ein for mykje heimearbeid, kan det føra til at elevane vert leie av det og tek til ymse former for fusk: Dei skriv av etter kameratar, får foreldre, sysken eller andre til å gjera arbeidet osb. Greier dei ikkje arbeidet til fastsett tid, kan det verta klander, attsitjing e. 1. Den viktigaste årsaka til attsitjing er jamnast heimearbeidet. Etterrøknad i ei rekkje 2 — Normalplan for landsfolkeskulen.
Skann 19 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 17». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/19/