SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 196 skann 198

196 8 9 10 lett lereftsbukse. Elevar som ynskjer det, kan bruka ei tunn trøye, helst ermelaus. For gjentene høver godt ein bunad av trikot eller av anna stoff. Kvardagsklede skal ein ta av før ein har på seg gymnastikkbunaden. Har ikkje borna gymnastikkbunad, må dei ha av seg uturvande plagg (skjerf, golfjakke, jumper, tronge band o. a.) Romet der ein byter klede, og gymnastikksalen må ein lufta vel ut etter kvar time. Ein må og syta for at det er frisk luft i salen medan ein driv med øvingane. Varmegraden i romet ein byter klede i, bør vera om lag 19°, i salen 15° — 17° C. Etter kvaf gymnastikktime må ein få bort dusta av golvet. Det kan ein gjera med ein rein, våt klut. Men det er betre å dusja golvet med ed god hages prøy te med fin sil og så dra reine klutar over golvet, t. d. mjuke sekker eller svaberar. Når arbeidet er slutt for dagen, må ein vaska golvet i gymnastikksalen vel og lufta salen godt ut. Øvingar i skulestova (klasse r omet) driv ein når ein ikkje har gymnastikksal og heller ikkje har høve til å ha kroppsøving ute. Ein bør ikkje driva gymnastikken i klasseromet lenger enn 15 min. om gongen, og ein bør så langt råd er, syta for at borna får 15 min. øving for dagen. Er det høve til å bruka eit tomt klasserom, kan ein ta kroppsøving der. Når ein driv kroppsøving ute. må ein passa på at elevane har så mykje klede på seg at dei ikkje frys. I skulestova er det liten plass. Pultane er i vegen, og stova er ofte ikkje så rein som ein gymnastikksal bør vera. Skulestova må ein difor berre rekna for ei naudhjelp. I frikorteret føre gymnastikktimen må ein lufta skulestova godt ut med gjennomtrekk. Om det er råd, svabrar eller vaskar ein over golvet med ein våt klut før øvingane tek til. Er det høve til det, tek elevane på seg gymnastikkbunad, eller dei tek av uturvande kledeplagg og har på seg gymnastikk sko. Øvingar ute. Når det er ver til det, driv ein alle øvingane ute. Ein skifter då mellom gymnastikk, leik og idrott. Fyrstundes i timen tek ein ein stutt gymnastikktabell. Små leikar som kvikar opp, er bra å leggja inn i tabellen. Etter gymnastikken held ein fram med idrott eller ballleikar
Skann 198 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 196». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/198/