SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 195 skann 197

195 såleis at dei kjem til å arbeida medvitande. Dei skal læra å skjøna kvifor dei skal gjera øvingane såleis som dei lærer dei. 4. Gym na sti kk tabellen. Så framt ein gymnastikklærar tykkjer at sume øvingar i ein tabell er for få, kan han leggja inn høvelege øvingar frå tabellar ein har gått igjennom før. Når ein tek til med ein ny tabell, må ein berre ta med eit par øvingar om gongen, så ein slepp for mykje instruksjon om det nye i ein og same timen. Bruka ikkje samansette øvingar før elevane har lært dei einskilde delane av dei så godt at dei kan gjera dei med god form. 5. Rytmen og t"a kt a har mykje å seia i gymnastikken. Læraren må difor setja seg inn i den rette takta og rytmen til dei ymse øvingane, så han når han seier til og kommanderer, kan måta til røysta etter rytmen, takta og øvingane elles. Der det er høve til det, bør dei større borna ender og då få musikk — og elevane bør og då og då syngja — til øvingane. Dette er svært viktig for borna både fysisk og psykisk. Men for musikken gjeld det same som for kommanderinga: Han må høva heilt åt øvingane både i takt, rytme og sermerke, elles gjer han meir skade enn gagn. 6. Ein må arbeida m ål. me dvi tande med å få rett form i øvingane, så dei verkar så mykje som råd er på kroppsburden. Difor må ein kontrollera øvingane godt. Serleg når ein driv med rørsler i serie, må ein sjå etter at forma vert god. Seriane må vera stutte og einfelte og berre ha nokre få rørsler, og rørslene må høva så godt i hop at dei naturleg går over i kvarandre. Læraren bør — når han kan — vera med sjølv i øvingane fyrste gongen han tek dei. Det gjev snøggaste og sikraste resultatet, for borna har stor hug og givnad til å ta etter. I alle timar må læraren venja elevane til god kroppsburd og rette arbeidsstillingar. 7. Der ein har gymnastikksal, bør elevane ha gymnastikkbunad og gymna stikksko. Bunaden må vera så lett og einfelt at han ikkje hindrar rørslene. Heller ikkje må han meinka læraren i å kontrollera kroppsburden i øvingane. Høveleg bunad for gutane er ei stutt,
Skann 197 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 195». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/197/