SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 194 skann 196

194 og vridingar, 9) oppkvikingsøvingar — leik, 10) hopp utan reiskap, 11) hopp på reiskap (helst for gymnastikksal), 12) roande øvingar, 13) slutt. Fri-idrott: Ein arbeider med trekamp og femkamp (femkamp berre for gutane) for folkeskulen og med bodstikkelaupet. Ski-idrott (på stader der det er høve til det) : Øving i utforrenn, slalåm- og hopprenn og svingemåtar. (Hopprenn er berre for gutane.) Måtar å gå på i ymse lende. Symje-idrott (der det er laugarstad) : 25 m brystsymjing utan hjelp. Frigjeringstaka, men berre på land. Kunstig andedrag (H. — N.-metoden). Symjetaka øver ein i gymnastikktimen og, der det ikkje er høve til å lauga seg. Skeise-idrott: Ein gjev noko rettleiing der det er høve til det. I alle skuleåra gjev ein elevane noko trafikkopplæring, såleis som det høver best for tilhøva på staden. 111. Rettleiing 1. Borna likar seg når dei får røra seg og driva med kroppsleg arbeid. Dei gleder seg når dei kjenner at kreftene veks og herredømet over kroppen aukar, og dei får vera med i kroppsøving i fag med jamgamle kameratar. Kroppsøvinga skal ein driva såleis at ho er til glede for elevane, til gagnleg kveik i skulelivet og til motvekt mot det arbeid som skulen elles krev. 2. Borna må få skikkeleg kropps rørsle, men ein må og passa på at elevane ikkje vert for trøytte. Det meste av tida nyttar ein til øvingar som gjev form. Ordningsøvingar som t. d. oppstellingar, utrykkingar o. 1. må ta minst mogeleg tid. 3. Ein må avmåta opplæringa etter framgangssteget til borna. Dei minste borna må helst ha leik og gymnastiske leikformer. Desse leikformene må ein skipa systematisk og få borna til å gjera dei såleis at det som rettar på kroppsburden, kjem fram. For mindre born skal ein helst nytta tilseiing. Etter kvart borna vert større, kan ein smått om senn gå over til kommandering. Tilseiinga skal vera viljefast, og orden og disiplin må råda frå fyrste timen. Etter kvart som borna veks, må ein driva opplæringa
Skann 196 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 194». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/196/