SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 193 skann 195

193 læra dei å bruka leder og lemer lett og ledug, og i det heile å bera seg godt, 4. å gjera elevane glade i gymnastikk og idrott og få dei til å kjenna ansvar for kropp og helse, så dei held fram med kroppsøving etter dei har slutta på skulen dg. Dette målet vil ein nå med planfast kroppsøving som høver med utviklingssteget til elevane. Hovudsaka er å fremja naturleg og god kroppsvokster hjå dei einskilde elevar og å styrk ja helsa deira, ikkje å vinna størst mogeleg gymnastisk dugleik for den einskilde elev og for klassa i det heile med sikte på framsyningar og stemner. Rett styrd kroppsøving i skulen verkar estetisk oppsedande. Kroppsøvinga har og etisk danings verde med di ho hjelper viljen med å få herredøme over kroppen og sedar opp mel. a. til sjølvtøyming, mod, trott, snarræde, god kameratskap og god samfunnsånd. Dette siste når ein fram til mel. a. ved at elevane vert vane til å retta seg etter dei ymse reglar og lover som gjeld t. d. for leik og idrott. 11. Minstekrav. Opplæringa i kroppsøving skal byggja på tabellverk som er godkjent for folkeskulen. Tabellverka må gjeva høve til slike avvik som trengst av di elevane er ulike når det gjeld kroppsstyrke, koordinasjonsevne, rytmisk sans, dugleik i hopp o. a. Leik: Dei ball-leikane der nummeret og namnet står med kursiv i arbeidsplanen. Gymnastikk: I småskulen nyttar ein dei same tabellane som i byfolkeskulen, med dei avstyttingar og tillempingar elles som er turvande. I storskulen går ein igjennom eit pensum som på lag svarar til det som finst iHegnas bok : Kroppsøving i landsfolkeskulen, eller i ei anna liknande handbok som er godkjend til bruk i folkeskulen. Her og må ein gjera dei tillempingar og avstyttingar av øvingsstoff som trengst. 1 Kvar tabell skal ha desse øvingsgruppene: 1) Ordningsog taktø vingar, 2) armøvingar og beinøvingar, 3) øvingar for kroppen, jamvektøvingar, 5) hev-øvingar (krev jamnast gymnastikksal, 6) bøygningar attetter og fram, 7) fellingar (mange av desse krev gymnastikksal), 8) bøygningar til sida 1 Hejnas bok lettar i nokon mon arbeidet til lærarane med å velja øvin- gar som bøyer for staden, med di ho mel. a. har 10 tabellar for arbeidet inne og 10 for arbeidet ute. 13 — Normalplan for landsfolkeskulen.
Skann 195 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 193». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/195/