SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 192 skann 194

XIII. Kroppsøving. Innleiing. Land&skulen arbeider under svært ulike tilhøve i dei ymse bygdene både med omsyn til skuletid, hus, leikarplassar, tilbunad, klassedeling o. a. Det er difor uråd såleis som for byskulen å arbeida ut tabellar som høver for alle desse skulane. Her må skulestyra sjølve prøva å f inna fram til ein brukande skipnad og få utarbeidt tabellar som best råd er kan høva for dei ymse stadene. I dei udelte og fådelte skulane må jamnast gutar og g jenter få opplæring i lag i kroppsøving. I dei mangdelte skulane bør ein så langt råd er, få skipa det såleis at gutane og gjentene får opplæring kvar for seg, og at gutane får ein mann til lærar og gjentene ei kvinne. For dei landsskular som i hovudsaka har byskuleskipnad, gjeld læreplanen i kroppsøving for byskulen omed turvande tillempingar. Opplæringa i dei andre landsskulane må i hovudsaka byggja på denne planen med dei tillempingar som er naudsynlege av omsyn til dei svært ulike tilhøva. Kyrkje- og Undervisningsdepartementet fastset korleis ein etter kvart skal gjennomføra minstekrava for dei ymse skulane. I. Mål. Opplæringa i kroppsøving tek sikte på: 1. å fremja naturleg og harmonisk kroppsleg og sjeleleg vokster hjå borna, 2. å styrkja helsa til elevane, 3. å styrkja sansen deira for god og vakker kroppsburd 1 og 1 Læraren må vera merksam på «holdningsfeil* og retta på slike feil på ein varsam og lempeleg måte.
Skann 194 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 192». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/194/