SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 16 skann 18

16 VII. Arbeidsskuleprinsippet. Undervisningsplanane for folkeskulen har jamnast lagt hovudvekta på kunnskapstileigninga i seg sjølv, og resultatet av arbeidet i skulen har i stor mon vorti verdsett etter den kunnskapsmengd elevane fekk og som dei greidde å gjeva att ved års- og avgangsprøver og elles. Ein har i stor mon innprenta lærestoffet med å gå igjennom lekser, læra lekser og overhøyra lekser. Vidfemnande etterrøknader har mel. a. synt at etter det har gått ei tid, sit det etter måten lite att av det lærestoffet som elevane etter planane skulle ha lært. I denne normalplanen er det mel. a. sett opp ymse minstemål. Serleg når det gjeld orienteringsfaga soge, geografi og naturfag, legg ikkje planen hovudvekta på elevane sitt arbeid med å hugsa, men på det meir allsidige, sjølvstendige arbeidet deira med stoffet. Planen tek med andre ord sikte på å gjennomføra arbeidsskuleprinsippet, elevaktiviteten sitt prinsipp, så langt det høver, og såleis at arbeidet gjev så gode vilkår som mogeleg for fri og harmonisk vokster hjå borna. Arbeidsskulen vil såleis med appellen til initiativ og sjølvstendig verksemd — og med det til vilje og gjerning — i stor mon mel. a. kunna hjelpa til å fremja den oppsedinga til karakter og karakterstyike som alltid må vera ei viktig oppgåve for skulen. Allstad der det er formålstenleg, må ein skipa arbeidet såleis at elevane sjølve vert mest mogeleg aktive. Elevøvingar, elevfreistnader og andre arbeidsoppgåver må difor få ein framskoten plass i skulen, men ein må sjølvsagt måta til arbeidsmåten såleis at han best råd er, høver for evnene og utviklingssteget til elevane og for dei emna ein arbeider med. Målet må her vera å ta opp i den skulen vi har, det i den nye skulen som gransking og røynsle frå det praktiske arbeidet i skulen har synt og syner er verdfullt nok til å verta sett i staden for det minder verdfulle i den gamle skulen. Framtida for skulen vår heng i stor mon i korleis dette arbeidet lukkast, og for at det skal lukkast godt, er det turvande å gå fram både med kunnigskap og varsemd. Å retta arbeidsoppgåver i orienteringsfaga. Det gjeld å nå fram til ein arbeidsmåte som gjer arbeidsbøkene til verkelege hjelpebøker for elevane, såleis at det vert naturleg for dei å bruka desse bøkene i arbeidet med eit emne. Men det bør ikkje ta for lang tid med å føra arbeidsoppgåvene.
Skann 18 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 16». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/18/